Eg har vore. Eg er. Eg skal vere.

Eg har vore der.

Eg har vore oppe

og nede.

Høgt og lavt har eg sveva i mi eiga verd av medgang

og motgang.

Eg har vore tilstades

og fråverande.

Eg har vore aleine

Eg har vore saman med

men framleis einsam

Eg har sett mykje

Eg har sett glede

og sorg

Eg har teke del i dei begge.

Eg har vore sett ut

sett tilbake

Eg har vore der.

Men eg er framleis her

Eg har vore meg

Eg ER meg.

Eg skal vere.

mine dikt, Sylja

Når ein brått får litt lite tid…

Nei, eg stressar ikkje. Det har eg ikkje tid til! ;)

Då eg tok på meg både blogging, strikking og anna før jul, då hadde eg all verda med tid. Eg skulle fylle alle desse dagane då folk ellers er på jobb og skule, og det skulle vere meiningsfylt. Ein skal ikkje miste rutina i kvardagen sjølv om ein “berre” går heime. I tillegg til dei rutinene eg har laga meg sjølv, så har eg sysla med behandling og trening, og jamne besøk på Nav. Det hadde vore snakk om å søke meg inn som deltakar ved ei attføringsbedrift, men så fort som ting har gått i deira regi så hadde eg ikkje tru på at eg ville høyre noko frå dei på denne sida av nyttår.

Av og til veit ein eigentleg korleis det vert framover, men av og til er det godt å ta feil. Denne gongen tok eg feil. Eg vart kontakta av attføringsbedrifta, og stilte til møte med ein svært hyggeleg og oppegåande kar. Han hadde mappa mi frå førre gong eg var innom dei, og han hadde til og med lese den! Han stilte forberedt til møtet og fekk meg til å kjenne meg som om det betydde noko for bedrifta at dei kunne hjelpe meg i gang att etter siste smellen.

Det tok ikkje meir enn to møter før han meinte at han hadde snusa tak i ein passande plass der eg kunne søke om arbeidspraksis. Eg sende ein søknad på ein tirsdag. Torsdagen var det avtala møte veka etterpå. Neste torsdag kom, og eg stilte opp saman med min jobbkonsulent. Eg vart vist rundt og fekk helse på mange folk, og vi avtalte arbeidstid. Allereie på mandagen stilte eg på jobb. Det gjekk så fort at eg rakk nesten ikkje å glede meg eingong!

No har eg vore der i to veker. Eg er assistent på ein vidaregåande skule, og får arbeide med ungdom med særskilde behov. Eg stortrivast, men eg kjenner det i kroppen og hovudet sjølv om det er berre tre korte dagar i veka no i byrjinga. Eg har fått ei mottaking som er heilt fantastisk, og det er ikkje eingong vanskeleg å stå opp i gryotta når ein gler seg slik til å møte på jobb. (Ja, eg veit det kan kome andre dagar i dette yrket og, men akkurat no nyt eg dei gode dagane)

Men dette førte til at eg ikkje har så mykje tid til å strikke og slikt som eg først hadde trudd. Så eg har måtta sei frå meg eit par oppdrag, men det gjer ikkje noko. Folk var svært blide likevel då eg fortalte dei grunnen. Og eg har ikkje så mykje tid og krefter til å vaske og skure slik som tradisjonen tilsei, men eg har ikkje teke det heller så tungt. Eg held det slik at det er leveleg, har leita fram nokre englar og litt ekstra lys, også lagar vi stadig vekk eit eller anna som vert sett fram når ungane er her. Når jula kjem skal eg reise til Pappa likevel, og då er her ingen som kan nyte hverken grønsåpa eller pynten. Vi brukar tida vi har i lag.

Det er deilig denne jula. Eg gler meg ikkje stort og høglydt i år heller, men i det minste så gruar eg meg ikkje til sjølve jula. Det har ikkje vore så greitt dette med jul etter at Mamma døde. Ein skal vere så glad, så glad utanpå, også har saknet og sorga vore ekstra tung på innsida. -I lag med kjensla av at ein aldri strekk til hverken økonomisk eller praktisk. Og redsla for at dei som er gjestar ikkje skal ha ei “perfekt” jul. Ja, mange unødige bekymringar og tunge tankar, men like fullt har dei vore der. Dette året har eg teke eit grundig oppgjer med meg sjølv. Eg gir det eg kan, eg pyntar det eg orkar, og eg gler meg i lag med ungane. Når jula kjem så vert det og bra. Eg har berre næraste famile rundt meg, og ingen av dei får jula øydelagt av småting så lenge vi er samla vi som kan. Eg og pappa skal stort sett ha ei roleg vaksen-jul, men sjølvaste julekvelden skal vi vere i lag med bror og familien hans. Så vert det barn rundt meg denne dagen og, sjølv om Veslegull og Pjokken skal vere med far sin til Farmor, og Prinsessa skal feire i lag med sine. Vi skal feire nyttår med brask og bram i staden. Og eg kjenner at det er heilt greitt. Tenk, det kjennest heilt greitt. Og det gjer godt.

Så no er det to arbeidsdagar att, så skal eg gjere klart og reise heim til jul. Ikkje til det store, gamle -og etter kvart tomme huset på garden, men til ei koseleg leilighet der vi kan skape nye tradisjonar utan at lukta og klangen frå alt det som var sit i veggane og kastar skuggar. Litt vemod er det alltid, men det treng ikkje vere berre vondt det heller.

Då har eg vel oppsummert både notid og nær framtid, og kan halde fram denne søndagen  med å stelle til førjulsmiddag for ungane og ei god venninne. Alle er glad i potetball med mykje salt tilbehør, så knoken er allereie komen på kok. No er det berre å passe på at resten av middagen vert putta i storkjelen i tur og orden slik at alt er ferdig samtidig. Nøye “taima og tilrettelagt” -som Pjokken seier  det.

Eg ynskjer alle ein fantastisk og fredeleg fjerde søndag i advent. Hugs at det vert jul neste helg uansett kva du har fått gjort -og ikkje. Velg ut berre det mest naudsynte for deg og dine, og la resten vente. Det kjem dagar etterpå og. ;)

 

PS: Eg gler meg verkeleg til eg er heime hos Pappa og kan sette meg ned og lese nøye alle lukene og kommentere skikkelig. Den stunda skal nyyytast :)

 

 

 

eit steg om gangen, Sylja

Julekalenderen 2011, Luke 16

Fredag. Det er berre 8 dagar att til sjølvaste julafta. Eg reknar med at ingen er svært overraska over at det går i julesongar her i huset no om dagen. Det er nesten det eg likar aller best med jula. Songen har alltid vore viktig for oss når vi samla familien, men i jula har musikken vore bort imot alfa og omega.

Det finnast så mange ulike julesongar. Og det finnast mange versjonar av samme songen. Eg har valgt meg ut nokre få som eg har lyst til å dele no i førjulstida.

Den første songen høyrde eg første gong då eg feira jul i USA. Dette var midt på 80-talet, og ikkje visste eg kven som song eller om den i det heile tatt var å finne på plate. Det var ikkje før data og nett vart allemannseige at eg fann att denne songen. Eit humorinnslag i alt det seriøse.

Amerikansk julehumor

 

Den neste songen er kanskje ikkje av dei som er rekna som dei “seriøse” julesongane, men den rørte noko i meg. Eit eller anna gjorde at eg festa meg ved denne, og har spelt og sunge denne utallige gongar i løpet av åra som har gått.

Fairytale of New York

Den neste songen har vore spela heime så lenge eg kan hugse. Mamma spelte den mykje, ho likte Elvis så godt. Eg veit det er mange andre av dei såkalla verdslege utanlandske songane eg kunne ha drege fram her, men denne er så spesiell for oss …

Blue Christmas

Så kjem vi til den andre delen av våre juletradisjonar. Mamma og Pappa har introdusert oss for mykje av den gamle, amerikanske julemusikken, og mykje av det norske med meir moderne preg. Men det er ikkje til å kome ifrå at sjølve julefeiringa hos oss var prega av Betlehem og Jesusbarnet. Bestemor og Bestefar var misjonsfolk og sterke i trua, det samme var dei andre som brukte å komme heim til garden for å feire jul. I og med at mange av familien på eit eller anna tidspunkt har vore med i minst eit kor, så var det naturleg for oss å synge fleirstemt. Som regel med gitar og harpeleik til.

Stille natt

Til slutt vil eg dele den songen som familien vår har brukt som bordvers i heile juletida når vi har vore samla. Sjølvsagt fleirstemt. Og med dette vil eg ønske alle ei fredeleg adventstid vidare. Senk skuldrane no og då, hugs å puste (gjerne med musikk til) og finn ut kva som er viktig for akkurat deg og dine.

Deilig er Jorden

“Fred over jorden,
Menneske, fryd deg!
Oss er en evig Frelser født”

 

Sylja

Vi finnast framleis …

..vi som for ti år sidan vart omtala som “ei døyande rase”. Vi som jobbar heile året med å lage presangar til alle både til jul og bursdag. Litt fordi det er så kjekt å gje noko personleg, men mykje fordi det er dyrt å kjøpe “noko skikkeleg”.

..vi som lappar buksebak og kne på kleda til ungane. Som skøyter på beina på ei litt kort bukse, og tek glidelåsen frå ei lita bukse og syr det inn i ei som passar. Som rekk opp ein bomullsgenser som er slitt på albogane og strikkar “ny” genser til ungane. Som syr om litt på gamle klede både til liten og stor. Og som sjølvsagt vert glad når nokon har klede som kan gå i arv.

..vi som fintel kronene når noko er på tilbod, og som lagar det meste av mat frå botnen av med billegaste mogleg råvarer.

Ja, vi finnast framleis. Det er så “in” å sy sjølv, å resirkulere, å kjøpe “secondhand”, men det skal vere motiv av miljøvern og mote bak det. Det skal ikkje vere naudsynt å gjere det slik for å få det til å gå rundt i kvardagen.

Og eg må be Farmor og mamma om orsaking. Eg er lei for at eg lo litt og himla med augene på tenåringsvis då dokke heldt på slik i tider då det ikkje var naudsynt. Og eg er inderleg takksam no for at du og mamma lærte meg nettopp dette. Eg hadde aldri trudd at eg verkeleg skulle få bruk for alt dette, men no er det gull verdt! Bokstaveleg tala.

Så det var nok noko sant i det ordtaket -”Nød lærer naken kvinne å spinne”. Men no er det altså sagt: Vi finnast framleis. Og det er jammen ikkje eg som skal skjemmast over at det er slik. ;)

Kvardag_eller_liknande

Eg vil gjerne ha ei liste.

Av og til skulle eg ønske vi hadde lister å gå etter. Reglar som gjaldt vanskelege avgjerdsler, slik at ein kunne unngå dei følgene det ikkje kunne ha vore mogleg å forutsjå. Vi har for så vidt eit ganske regulert samfunn allereie, utan at det ser ut til å hjelpe allveg. Men dei listene eg saknar, er ikkje skrivne -enno. Ikkje offentleg, i alle fall. For lista eg etterlyser, er ei oversikt over kva slags sjukdomar, skadar og lidingar du kan pådra deg utan at du skal måtte kjenne på skamma over det å ligge samfunnet til last i etterkant.

Nei, eg tullar ikkje. Det hadde vore mykje enklare for pasienten å vite på førehand kva som gav hurtig og god behandling i helsevesenet, og kva som var godkjent på NAV slik at vedtaka gjekk fort og greitt igjennom. Det seier seg sjølv at folk ikkje med vitande vilje hadde pådrege seg nevrologiske lidingar som gav alvorlege utslag på funksjonsnivået i kvardagen om dei hadde visst at dei først skulle igjennom år med mistru og feilbehandling før dei fekk rett diganose -berre for å oppdage at rehabiliteringsplassane skal regulerast vekk grunna økonomi. Gratulerer, du har fått rett diagnose, men samfunnet har ikkje lenger råd til å hjelpe deg med naudsynte tiltak. Tenk om denne sjukdomen/lidinga hadde stått på den lista, slik at pasienten i utgangspunktet kunne ha unngått å verte sjuk.

Denne lista hadde og vore til stor hjelp for kommunane som no skal verte ansvarlege for å forebygge det som kostar samfunnet pengar. For om kommunen ikkje greier å forebygge godt nok, så må dei vere med på å betale for den naudsynte behandlinga -i den grad den er tilgjengeleg. Når folk flyttar på seg i framtida, er det ikkje berre hensynet til boligprisar, barnehage, skule, arbeid og fritid som tel. Dei må og ha høve til å sjekke om kommunen kan ta den økonomiske belastinga om noko skulle hende. Då hadde det vore greitt med ei liste som kunne sei at «Alfa kommune har eit godt tilbod til dei med psykiske lidingar.» Eller «Omega kommune kan nok ikkje ta ansvaret for dei med kols, diabetes og anna som i framtida kan verte rekna som livsstilsjukdomar.» Er du då så tankelaus at du pådreg deg ei slik liding som ikkje finnast økonomisk dekning for i kommunen, trass i alle forebyggande tiltak, så får du flytte til ei kommune som har råd til å ha deg der.

Det er og slik at om du planlegg å få born som kan ha psykiske lidingar, så bør du busetje deg i sentrale strøk i forhold til den behandlinga dei treng. Ha familie og skule i nærleiken av det sjukehuset som i framtida vil verte rekna som sentralt, og håp på at det ikkje er mange andre som treng behandling samstundes.

Har du planlagt å verte hardt skadd og kanskje merka for livet i arbeidsulukke eller i trafikken, så bør du først sjekke at det finnast institusjonar med kapasitet og ekspertise som kan få deg på beina att. Om ikkje, kan du verte liggande på ein sjukeheim der dei tilsette vil gjere så godt dei kan, men i mangel på bemanning, erfaring, fagmiljø og ekspertise, så vil det nok ikkje verte heilt det samme.

Og husk, når lista vert sett opp, må det og takast med kven som har det økonomiske ansvaret for ein pasient som vert sendt til behandling med godkjent diagnose frå heimkommuna, men vert feilbehandla i ei anna kommune slik at det vert tilleggsbehandling.

Er det ikkje råd å planlegge dette, seier du? Det er nettopp det som er poenget mitt. Og det er bekymringsverdig at ikkje dei som bestemmer dette kan sjå galskapen i det dei held på å gjere no. Kanskje ei slik liste hadde opna augene på dei og?

Samfunn og sånn

Helsereform … nokon som veit?

Eg har fått med meg at det skal gjennomførast enda ein stor reform i det offentlege. Eg har surfa litt rundt for å finne ut meir om denne. Det eg finn, er innslag i aviser og nyhende om kor flott dette skal verte, og lovnader om at kommunane sjølvsagt skal få tilskot til reformen. Men noko må dei sjølvsagt dekke sjølve. Frå dei som skal gjennomføre reformen i praksis er ikkje lovorda like mange og store. Det er framleis mange som ikkje veit kva dei skal ha ansvaret for og kvar dei skal få pengar til det, og kjenner det som om reformen vert tredd nedover hovudet på dei utan at deira argument og bekymringar vart høyrde, og utan at dei får tid og midlar til å førebu seg skikkeleg.

Er det fleire enn meg som kjenner att dette? Det kan då vel ikkje vere berre eg som meiner at eg har høyrt dette før?

Det eg har greidd å tyde, er at det vert snakka mykje om forebygging i den nye reformen. Men ein god del av det som ligg i forebyggande tiltak, er at folk har stabilitet nok i kvardagen sin til å kunne konsentrere seg om det å verte heilt frisk att, i staden for å bruke alle krefter og ressursar på å nå igjennom i eit system som ikkje fungerer som det skal. Dei tilsette som jobbar i dette systemet seier at det skuldast reformen. Den vart gjennomført for tidleg, utan at alle visste kva dei skulle ha som ansvarsområde, og kvar midla og reiskapa skulle kome ifrå. Det vart forventa at folk skulle kunne ein god del om svært mykje, utan at alle var klar over det på førehand. Eller dei rakk ikkje å kurse seg, for det vart det ikkje levna nok tid og midlar til. Hadde det vore ein ide å sjå nærare på denne reformen før ein trakka igjennom ein reform til på samme viset?

Også har eg hengt meg opp i ein ting til. Det er kor lite ein finn om psykisk helse når det gjeld den flotte reformen. Det vert vagt nevnt at det sjølvsagt skal setjast inn forebyggande tiltak, og at dei som treng innlegging framleis skal få det.  Men størsteparten av dei psykiske pasientane er menneske som går fritt ute -så fritt som evt angst o.l. tillet dei den dagen i alle fall. Folk som ser ut til å fungere heilt fint når dei viser seg ute. Dei er innom psykolog og andre tilbod med jamne eller ujamne mellomrom for behandling og evt medisinering. Kva slags effektivt forebyggande tiltak skal denne store brukargruppa av helsevesenet få etter reformen? Eller skal alle saman leggast inn ein eller anna stad?

-Eg berre spør, eg. Eg fann ikkje gode svar på eigen hand.

Samfunn og sånn

Mormor har sagt…

…at om ein ikkje har noko positivt å sei, så kan det vere like greit å ikkje sei noko. No  er det ikkje slik at alt har vore mørkt og negativt siste tida, eg har familie og gode venner som sørger for lysglimt i kvardagen. Heldigvis. Men eg må innrømme at offentlege kontor “som gjer sitt beste” har lagt store skuggar over kvardagen og hindringar på betringens veg for meg. Om dette er deira beste, så er eg ikkje imponert. Når alt skal vere ordna, så er det langt fra ordna likevel. Også vert ein beden om å vente, og når ein har venta i det vide og breie og ingen ting hender, då får ein reprimande om brukaransvar. Så no er eg innom kvar einaste dag og fortel at det som skulle fiksast i går enno ikkje er fiksa. Då er viss det og gale, men så lenge eg ikkje får eit papir med ei underskrift der det står nøyaktig kor lenge eg skal vente og kva eg skal vente på, så ser eg ikkje anna råd enn å møte opp. Ein har då brukaransvar. Dessutan så må eg snart innom der for å bruke nettet og, om dei ikkje snart får ordna opp så eg får betalt for meg.

Eg er lei meg, Mormor, eg brukar å minnast dine kloke ord og sitat rett som det er. Men sjølv eg har grenser. Strikken for tålmodet mitt har visst morkna i løpet av den såkalla behandlingstida til offentlege etatar…

Og slik går no dagane….

Kvardag_eller_liknande

Ein veit at ein er heldig…

…når helga ikkje vert heilt som forventa, men ein har det kjekt likevel!

Sylja og Svigerinna prata om dette tidlegare i år. Vi skulle ha funne på noko i lag -så mange som mogleg. Og jammen meg så laga det seg slik at vi kunne samle heile 14 menneske med stort og smått denne helga. Vi fekk med Far min og Damå, Sylja hadde med Veslegull og Pjokken, Bror og Svigerinna hadde med sine fire og ein på lån, og så fekk Prinsessa og  Knerten sjansen til å hive seg med og!

Vi hadde sett oss ut ein campingplass med store, flotte hytter og mange ulike aktivitetar til å slite ut ungane på dagtid. Men då vi kom dit, så var hyttene 3-4 hakk under den standard og størrelse som det såg ut til på heimesidene til campingplassen. Litt ustelt og nedslite såg det ut både rundt hyttene og borte ved fellesarealet. Men vi installerte oss og bestemte oss for å ha det kjekt likevel. Så skulle vi til på aktivitetane. Då viste det seg at det oppvarma bassenget slett ikkje var det vi forbandt med oppvarma, og ein del av det som vi hadde gleda oss til var stengt grunna lav vannstand. Og andre aktivitetar igjen var det ein del av borna som var for korte til å vere med på. Litt dumt at det ikkje var opplyst nokon stad at ein måtte ha ei viss høgde både på born og vannstand for å få fullt utbytte av det dei kunne by på, men-men …

Vi hadde det kjekt i lag likevel. Vi bada til vi var nærare blåfrosne, også klatra dei som kunne. Og søndagen etter vi hadde pakka oss ut av hyttene, då spelte vi ein omgang med stigespel med oss sjølve som brikkar før vi stappa opp bilane med folk og for heim. Vi var fornøgde med turen, vi hadde godt selskap, og vi vil prøve å få det til neste år og. Men turen går heilt sikkert ikkje til denne campingplassen igjen…. ;)

Sylja

Juks? Skodespel?

Maradona (50) vert skulda for dårleg skodespel.

Eg trur ikkje mannen spelar eller juksar. Han er 50 år, står der. Han gjekk nok på snørra av rein utmatting. ;)

nyhende på mitt vis

Rett, plikt eller privilegie? Stem uansett!

Det er snart på tide å gå til urnene att. Urnene som skal tømmast, og så skal stemmesetlane vise oss kven som skal få lov til å styre og stelle rundtom i landet vårt etterpå. Og i etterkant av 22. Juli så har vel knapt nok noko valg vore så viktig. -Misforstå meg rett, alle valg er viktige, men nettopp no vert det i tillegg viktig å statuere eit eksempel. Den Unevnelege skal få sjå at samhaldet og demokratiet ikkje kan kuast med terror. Det vert viktig å vise han kor mykje han faktisk mislukkast med sitt åtak på engasjert og dedikert ungdom.

Så anten du gjer unna stemminga på førehand, på nett eller andre stader, eller om du ventar til sjølve dagen og møter opp ved urna, så bed eg deg instendig; Bruk stemmeretten din i år. Ver så snill, ta eit standpunkt for felleskapet og demokratiet. Vis at du bryr deg om kass retning vi skal ha vidare.

Eg skal ikkje legge meg opp i kva du stemmer, eller korleis. Du får til og med bestemme om du skal sjå på dette som rett, plikt eller eit privilegie. Alt eg ber om er at nettopp du tek eit standpunkt, kanskje viser litt engasjement i praksis mot terror og likesæle. Ein ting er i alle fall sikkert, eg har tenkt å nytte mitt privilegie. Eg skal stemme i år og.

Samfunn og sånn