Ei hytte ved havet…

Alle skulle ha ei hytte ved havet. Sylja vil i alle fall ha det. Det også. Men Sylja er så heldig å ha ei venninne som har hytte ved havet. Og ho var så heldig å få vere med dit.

Det var først i August at vi brått fann ut at vi skulle på hyttetur. Det aller mest naudsynte fekk plass i ein forholdsvis liten sekk. Vel, kanskje medium sekk, då. Men den var ikkje så veldig tung. I alle fall ikkje på veg heimover. Til vårt forsvar skal det seiast at vi måtte ha med vatn, og då vert det fort litt ekstra vekt å bere på. Men det var ikkje langt å gå frå bilen, så det gjekk bra.

Vi hadde tenkt å vere berre over natta. Berre ein liten avstikkar frå kvardagen. Vi hadde ein fin kveld. Veret var på vår side, og vi sat ute lenge. Prata litt, var stille litt, song ein del og lo mykje! Og då neste dag kom, utan tegn til regnet som var meldt, avgjorde vi fort at vi skulle vere ei natt til. Mat hadde vi nok av, og for ein gongs skuld hadde vi tid og.

Det var noko eige der ved havet. Lukta, lydane, roa. Alt vart så langt unna der. Sjølv om kvardagen til mange andre var rett der borte bak trea. Men vi såg den ikkje. Vi hadde vårt vesle ferieparadis der ved hytta.

Og berre for oss to så var veret fint ein kveld til. Det meldte regnet kom idet vi låste hyttedøra og la iveg mot bilen. Det var akkurat så langt dit at vi rakk å verte godt våte. Men det gjorde ingen ting. Vi hadde hatt ein fin tur, og skulle trass i alt berre heim.

Venninna mi tok eit bilete som illustrerte turen ganske bra. Kva er det viktigaste når vi to jentene skal på tur?

Det artigaste er at berre gitarane var avtalt i forvegen. Men vi veit begge at vi vanlegvis irriterar oss over ei strofe vi ikkje kjem på frå ein song vi meinar å hugse. Og vi er begge glade i folketonar og salmar. Det er ei eiga stemning i den musikken…

Og ja, det er den med raudt på som er min.

-Sylja.

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *