Ode til eh… ein sjarmør? (Sylja)


Det hjelp nok ikkje å vente på freddan

når ein ikkje har nokon å dele den med

Når Dyrhaug og Almås forlet meg

får stova ein slags stusseleg fred.

.

Det er då eg kjem på den herremann

som i skåpet har stått i giv akt

Han ventar og lengtar etter meg

og her ligg eg på sofaen som eit slakt!

.

Eg hiv meg rundt og finn fram musikk

og sett på ei koke med kaffi,

leitar fram litt salt mat og slikt

for no vert det selskap med fart i!

.

Så smett eg handa inn i skåpet

og stryk så fint over tuten,

eg tek han med bort i sofaen

og gjev han eit kyss på truten.

.

Han duftar så mandig av krydder og eik

eg kjenner at no er det alvor

eg dreg inn lukta og smakar forsiktig,

ja, eg nyt min kjære St.Hallvard!

-Sylja.

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *