Om å møte seg sjølv… -på mail!


Eg har fått mail. Ikkje berre ein mail, men slike mengder at eg mest ikkje fekk opna mailkontoen i det heile. Då eg endeleg fekk byrja å bla i desse mailane, skjøna eg først svært lite. Det var svært mange frå same avsendar, og eg kunne ikkje kome på at eg nokon gong hadde vore i kontakt med dette selskapet. Men etter nesten ein time med venting og ein munnbruk som ikkje egnar seg på trykk, dukka det opp ein mail som fekk det til å demre litt. Men for å få med den historia, må eg attende i tid. Sånn omtrent tre-fire år.

Eg var ganske nyleg separert, og nytta helga til å vitje ei venninne. Vi hadde kome godt utpå natta, og laaaangt ned i vinflaskene. Den sentimentale perioda var passert med god margin, og vi var over på god gamaldags forbanning av det andre kjønn sånn på generell basis. Det er visst ei fase det og, har eg høyrt. Men nok om det. Venninna mi fekk nemleg ein glimrande idé medan vi sat slik. Ho tykte nemleg at eg skulle hive meg på dating så snart som mogleg, og den beste måten å gjere det på, det var på nett.

No må det seiast, det var kanskje ikkje det luraste vi to har hatt for oss. Men om ein tek i betraktning tidspunkt, promille og sinnstilstand, så var det nok ikkje det verste vi kunne ha funne på heller. Det svakaste punktet i planen, var vel kanskje at dette skulle foregå på nett. Eg hadde nemleg ikkje internett heime den tida. Eg var vel innom av og til, sånn når ein nabo hadde gløymt å sikre linja si, men det var ganske sporadisk. Men venninna mi hadde nett, og med mykje knising og latter fekk vi oppretta ein ganske intetsigande profil med svært sparsommelege opplysingar. Og dagen etter, så var i grunnen det heile gått sånn cirka i gløymeboka. Eg såg aldri etter den profilen meir, eg visste ikkje ein gong korleis eg skulle finne den att, og antok at den vart sletta når den ikkje var i bruk.

Og eg hadde fullstendig gløymt heile greia. Heilt til i dag. Eg har hatt litt problem med å kome inn på mailkontoen min i det siste, så det er litt for lenge sidan eg fekk sjekke mail og sletta unna ting som berre tek plass. For brått har denne nettstaden vorte ein del av ein annan nettstad, og eg fekk automatisk overført kontoen min med gratis prøveperiode. Og eg hadde visst kryssa av at eg villa ha mail frå dei kvar dag. Faktisk. Korleis kunne eg ha kryssa av for noko slikt når eg ikkje visste om det ein gong? Men uansett, eg har visst svært mange interesserte beilarar her. Og eg trur faktisk ikkje at halvparten av dei som har vist si interesse er ekte profilar. Dei er for billedflotte, for perfekte. Dessutan trur eg at eg har sett to av dei i reklame i aviser og slikt.

Men dei som sender mail, dei er nok ekte nok. Ein mann på godt og vel 60 som meiner at eg vert ein skjønnhet om eg berre tek eit kurs om sminke. Smigrande. Akkurat slikt eg hiv meg på utan å tenke to gonger. Og han som seier at han er grei og snill, men har nokre sider som verkar skremande på folk, han er nok sikkert ikkje heilt oppdikta. Men han meinte at eg såg ut til å ha fysikk nok til å tole dei dårlege sidene hans om eg ville vere så snill å gje han ein sjanse…? Jadda, akkurat det eg treng, tenkte eg. Eg las faktisk ikkje dei andre tretten mailane eg hadde fått. Eg drog alle over same tastaturet og sletta heile driten.


 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

4 comments


  1. Flirer * Joda, det finnes mye rart på nett, og mer vil komme 😉 Men jeg håper og tror at det finnes en mulighet, jeg har hørt om det i alle fall 😀 Prøv igjen sier nå jeg da 😉





  2. Ja, det får’n si! Dating på nett er ikke bare-bare! Hvordan gikk det etterpå? Fikk du kontakt med denne mannen??





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *