Ein bestefar full av visdom…

Vi skulle hatt det alle saman av og til. Eg er heldig som framleis
har min Farfar. Han er den siste som er att av mine besteforeldre. Han
har faktisk samla livsvisdom i meir enn tre mannsaldrar.

Det er godt å sitje hos Farfar. Han har sine dårlege dagar no og då, og
hugsar av og til ikkje navna våre. Av og til er han langt attende i
tid, og greier ikkje å plassere oss i det heile. Andre gongar har han
slike dagar då han hugsar navn og alder på både oldebarn og
tipp-oldebarn. På slike dagar er det dei gode samtalene kjem. Men dei
gode råda kan han kome med sjølv på dagar då han bere hugsar tida før
Pappa var fødd.

Slik som her om dagen… Eg sat der, samtalen
hadde gått litt trått. Det var mest så eg lurte på om han hadde
høyreapparatet på seg. Etter ei stund kom ei av dei kjekke damene som
jobbar på sjukeheimen innom med kaffe. Og då spurde Farfar om hjelp til
noko. (Han er litt slik, skal  for all del ikkje spørje meg som er der
på besøk…) Ho lo og småprata litt, og til slutt sa ho:”Ja, men dette
var då rein plankekøyring?”

Eg såg brått at Farfar retta seg i
stolen. Så klarna blikket opp berre på nokre sekund. Så sa han med stø
røyst: “Jau, men du må ikkje gløyme at plankekøyring kan vere tungt
arbeid det og!”

-Sylja.

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
vgb-arkivet , ,

12 comments


  1. He, he. . . det er bare koselig med slike små hverdags-historier. Godt å vite å sette pris på de gamle.
    Den livserfaringen de sitter med bør ikke undervurderes.

    Min bestefar som jeg satte veldig høyt på mange vis, han snakket ofte om Livets skole han. Han var utdannet fin-smed, men leste alt han kom over. Den mannen kunne vært en filosof om han hadde hatt andre muligheter, og – vært mindre glad i flaska.
    Takk for at du deler Sylja, slikt setter alltid igang mine egne minner også. . .
    Natta-klem til deg fra meg :)





  2. avatar Sylja

    Det kjem nok meir om Farfar etter kvart… Han snakkar og om livets skule. Og der har han lært mykje! :)

    Natta-klem :)





  3. Heldig du som har farfar i live .mange visdomsord de gir.Kan tro at han setter pris på besøket av deg Sylja 😉





  4. avatar Sylja

    Ja, han seier det ganske ofte, det at han set pris på at vi kjem. Han er redd for å verte gløymt. Men det skal han ikkje verte. Ikkje no, og ikkje seinare.
    Men enkelte dagar verkar det som han ikkje har tid til besøk. Då kan han brått reise seg etter 5-10 minutt og ta meg i handa og takke for besøket. Då er det berre å kome att ein annan dag… *ler*





  5. Heia Sylja :)

    Saa flott at du har farfaren din du kan besoeke :)
    Det er mange ting man kan laere av de som har levd saa lenge som han.
    Han setter nok stor pris paa at du kommer ogsaa, det gir baade han og deg glede :)

    Ha en flott dag :)
    Klem fra meg :)





  6. Ja, du er virkelig heldig som har din bestefar i live fortsatt, og at han er så noenlunde i stand til å huske og føre en samtale. Det kan bli gyldne øyeblikk ut av slikt, øyeblikk man senere kan ta fram fra erindringens arkiv. Et gammelt, gresk ordtak sier ellers at “når et gammelt menneske dør, brenner det ned et bibliotek”. Mye sant i det der. Ha en herlig dag fortsatt. :-)





  7. avatar Sylja

    Hei :)

    Det er utruleg kor mykje dei veit desse gamle. Og vi har fine stunder saman. Klart at det gir til meg og… Eg har vokse opp vegg-i-vegg med Farmor og Farfar, og dei har alltid stilt opp for meg. No er det min tur til å gje litt att… :)

    Ha ein god kveld, Og godt valg! :)





  8. avatar Sylja

    Ja, det er litt sant det med biblioteket. Eg har tenkt på det i seinare tid, at alle historiene Farmor brukte å fortelje skulle ha vore skrive ned. Ho tok med seg mykje kunnskap om familien som ein ikkje kan lese seg til i offentlege arkiv…
    Derfor så prøver eg å notere ned litt av det Farfar kan fortelje. -Så ikkje alt det skal gå tapt og…





  9. Flink jente, som skriver ned ting… De fleste gjør det alt for lite, og plutselig…kan det være for sent. Jeg hadde et par stykker litt uti familien jeg skulle ha snakket litt med om diverse gammelt…men jeg rakk det ikke… Så jeg skal prøve å bli flinkere med de som er igjen:)





  10. avatar Sylja

    Vel, som sagt… Eg byrja for seint. Bestefar har liksom ikkje samme erindringane frå f.eks. førebuing av bryllaup under krigen… Eg skulle absolutt ha skrive ned alt det Bestemor fortalte om det… og andre ting…
    Men det er greit med det som KAN takast vare på likevel! :)





  11. Det er så godt å ha noen å prate med av den eldre garde, de har så mye livsvisdom å dele, mange minner å fortelle. Det er veldig fint at du besøker han og prater, det setter han nok stor pris på.
    Og det at du bryr deg, om de eldre, og ikke glemmer de bort. Det er det nok av i dag, som gjør. En dag kan det være vår tur, sitter der å venter og venter..
    Fin du.
    Ønsker Sylja en riktig fin kveld.
    Berteklem..:)





  12. avatar Sylja

    Ja, det er godt å ha familie, både eldre og yngre. Eg las ein gong at trongen til å få born låg i frykta for at ingen skulle ta seg av oss når vi vart gamle. Eg bles godt av dette då, men tre born seinare, så tenkjer eg av og til at det kanskje kan vere noko i det? Eit snev av sanning om ikkje anna?

    Ha ein god kveld :))





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *