Om det å vere redd…

Eg var redd for mørkret.
Vel, ikkje mørkret i seg sjølv
men heller alt det eg kanskje trudde
kunne vere i mørkret
som kunne vere farlig
og eg kunne ikkje sjå…

Eg var redd for framande.
Vel, ikkje folk i seg sjølv
men heller at eg trudde dei kanskje
ikkje ville gje meg ein sjanse
men gjere narr av meg
når eg ikkje kunne sjå…

Eg var redd dei eg var glad i.
Vel, ikkje akkurat dei,
men heller det at dei kanskje kunne
nevne sider ved meg sjølv
som eg ikkje ville vite av
og slett ikkje kunne sjå…

Eg vart redd for å vere redd.
Ikkje redsla i seg sjølv,
men heller det at eg kanskje visste
at snart måtte eg ta tak
i all angsten min
som ingen måtte sjå…

Eg er ikkje lenger så redd.
For alt det eg var redd for
viste seg å vere sider
og skuggar av meg sjølv
som eg måtte bli kjent med
før eg kunne sjå.

Eg er ikkje lenger så redd meg sjølv.
Eg prøver heller å vere ærleg.
Men av og til
kan ein verte litt redd
av det og…

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *