Kvifor er det ikkje lov til å vere flink?

Det slo meg brått i dag. Det er ikkje lov til å vere flink. Ikkje i Noreg. I USA kan du vere så flink du berre vil. Kvifor gjeld ikkje den inngrodde jantelova der?

Jada, eg veit at jantelova vert forsøkt avskaffa med haldningskampanjer og opplysing om at det faktisk er lov til å vere flink. Og våre ungdomar ser heldigvis ut til å kunne ta til seg delar av det. Men vi som vaks opp med det at det ikkje var bra å stikke seg fram på noko vis, kven skal endre tenkemåten vår? For vi lar borna våre vere så flinke som vi aldri fekk lov til å vere. Men når skal vi ta til oss at vi har lov til å vere verkeleg gode til noko vi og?

For det slo meg i ettermiddag … eg har fått lære at ein aldri må vere litt flinkare enn dei andre i klassen til å skrive ein tekst, aldri vere litt flinkare enn nokon til å synge, aldri gje uttrykk for at du skjønar ting fortare enn andre på skulen. Då vart folk sinte og ekle, og det var ikkje bra. Då hadde eg gjort noko gale. Eg fann etter kvart ut at einaste måten å få fred på, det var å vere desidert flinkast i å vere usynleg. Og eg veit fleire som har lært seg den kunsten alt for godt. Men då kjendes det i alle fall ikkje ut som om eg hadde gjort noko gale mot nokon andre.

Det har ikkje gått opp for meg før i kveld at det kanskje ikkje var eg som gjorde noko gale. For det er min rett til å verte sett som eg er, og få annerkjennelse for det eg er flink til. Og eg treng oppmuntring medan eg lærer nye ting, og det gjer godt når nokon ser ser meg med positive auge sånn generelt. Og det trur eg gjeld for dei fleste av oss. Men kvifor er det ikkje “lov” til å innrømme akkurat det?

Og eg kjenner at eg er litt irritert på meg sjølv for at eg ikkje greidde å tenkje ut alt dette litt tidlegare. For eg burde ikkje ha godteke at eg skulle vere usynleg for å tekkast andre. Eg burde i staden ha skjøna at det ikkje var rett at andre si misunning og mangel på sjølvtillit skulle halde meg nede. Men eg kan ikkje klandre nokon no for at det vart slik, og det er ikkje det eg er ute etter heller. Eg vil berre at vi skal verte litt flinkare til å tenkje over kva vi formidlar vidare. For dei fleste av oss er svært sikre på kva som er rett og gale. Det er rett å betale for varene i butikken, det er gale å lyge og stjele. Det er ganske klare reglar å halde seg til. Men kvar går grensa mellom akseptabelt og ikkje? Er det rett at populære bloggarar, dyktige songarar, flinke programledarar osv vert rakka ned på grunna utsjånaden, personlegheit eller talentet sitt? Er det rett at den flinkaste på jobben vert frosen ut frå det sosiale samhaldet? Er det rett at ho som faktisk er modellvakker får eit frynsete rykte etter julebordet berre fordi ein av sjefane prøvde seg på henne? Sjølvsagt ikkje, seier vi alle. Men aksepterer vi det likevel? Latar som vi ikkje ser det, eller at det ikkje vedkjem oss? Gjer vi noko aktivt for å endre på slike ting, eller er vi slått ut av maktesløyse mot andre si svartsjuke og trang til å stå fram som mykje betre menneske?

Eg innrømmer det, eg kjenner meg litt makteslaus. Men eg veit at eg vil heller lære mine born å stå imot andre sin sjalusi enn å lære dei å føye seg etter den. Eg vil lære dei å oppmuntre i staden for å trykke ned. Og eg vil jobbe med det same når det gjeld meg sjølv. Det er på tide at eg gjev meg sjølv lov til å vere litt flink av og til, uansett kva andre måtte meine om det.

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Skriblerier, vgb-arkivet

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *