Når ein skal telle dei gode dagane …

… og det skal ein gjere i følge kloke ord, då er dagen i går ein av dei som må tellast. Der er sjølvsagt fleire som må tellast, men akkurat no er gårdagen friskast i minnet.

Det byrja med sol. Tenk, vi hadde sol. Eg vart henta av ei god og nær venninne og ein av nevøane hennar. Vi tok ein kjapp biltur, så gjorde vi oss klar til hovudattraksonen den dagen. Herøyspelet.

Det er vakkert ute på Herøy gard. Eg har ikkje vore der før, og trakka nyfiken rundt og kika. Rømmegrauten var god, og det var kaffien og. Litt vind var det, så eg måtte kjøpe ein cap til å samle håret i ellers hadde vel korkje eg eller dei rett bak fått sett noko særleg av spelet.

Men då spelet byrja, då var eg tapt for denne verda ei lita stund. Eg levde meg så inn i tida, i spelet, i musikken … Eg kjende konfliktene i og rundt menneska så godt at eg tok meg sjølv i å svelge tårene eit par gongar undervegs. Det var ei magisk stund for meg.

Vi runda av den flotte dagen på terrassen hos gode venner, både små og store. Vi fekk servert varm mat, praten gjekk fort og muntert, og latteren sat laust. Det vart akkurat så triveleg som det brukar å vere, og som vanleg vart det akkurat litt seinare enn vi hadde tenkt før vi kom oss heimover.

Og eg kjenner det i dag. Sjølv om kroppen er stiv og støl, så har eg den gode varmen i meg enno. Varmen frå sol, latter og venner. Varmen då eg brått vart kalla “tante Sylja” og fekk klem av dei små eg og. Bittesmå ting som vert så store fordi dei varmar så godt …

Så takk, tusen takk til alle som var med på å gjere denne dagen så spesiell. Det skal ikkje gløymast :)

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Kvardag_eller_liknande

10 comments


  1. Så herlig :-)
    Var på Steinvikholmen på et sånt spel for et par år siden, syntes så synd i skuespillerne for det hølja sidelengs, her var det bare å holde ut i tynne klær mens publikum satt med fullt regnutstyr og varme klær…





    • Uff, ja… dei har ingen garantiar for at veret spelar på lag i slike oppsetningar. Beundringsverdig med alt som vert gjennomført med stil når det vert slik!





  2. Sånne dager må definitivt telle Sylja – definitivt!
    Høres ut som en av de virkelig gode.
    Jeg er nok også et takknemmelig publikum i slike sammenhenger – lar meg lett oppslukes -og liker det.
    Gi deg selv en rolig søndag og kos deg enda mer med gårsdagens inntrykk.





  3. Ja det er de gode øyeblikkene vi må samle på:) Du skriver godt altså:)





  4. Høres absolutt ut som en minnerik dag, som en kan ta med seg videre :-)





  5. Slike opplevelser er balsam for sjelen, og de bringer disse gode, varme minnene som man kan gjemme paa, og ta fremn de dagene som er gaar litt traatt :)

    Jeg kan tenk emeg at det spelet var en nydelig opplevelse, slike utendoersspel maa da vaere utrolig spesiell, en helt egen storslaatt atmosfaere :)

    Ha en fortsatt god sommer Sylja og ta med eg de smaa tingene som er saa gode :)

    Gode klemmer sendes deg :)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *