Kontrollkaos. Kaoskontroll. Kontroll. Kaos …

Ho såg seg rundt på det tomme badet. Heilt strøkent. Alt som var att der var toalettveska, handduken, toalettpapir og lukta av sterkt vaskemiddel. Ho slengde grovklutar og moppar i vaskemaskina og sette den på. Såg seg rundt på nytt, var nøgd med jobben.

Ho gjekk inn på stova. Såg seg rundt der. Nokre tomme kasser og ein halvfull søppelsekk stod midt på golvet. Ho sette det ut i gangen og kosta fort over golvet. Ho snudde seg og såg kritisk over den vesle kjøkkenkroken sin. Sette fort på plass dei få tinga ho hadde vaska opp tidlegare. Tørka over benken. Opna kjøleskapet og sukka tungt.

Ho henta søppelbøtta bort til kjøleskapet og gjekk i gang. Påleggrestar og andre småting som hadde lagt der litt for lenge fekk siste reis no. Ho sette resten på benken og henta ein fuktig klut. Tørka over hyllene i døra, så gjekk ho laus på sjølve skapet. Det var då ho såg det. Der, kilt bak grønsakboksen heilt nederst, der låg den. Grøn, iskald og flott. Ho gjorde raskt  ferdig med vaskinga og sette alt på plass att. Alt unnateke den grøne, kalde. Den fekk vere med inn på stova. Den skulle vere fredagspremie for alt arbeidet som var unnagjort denne veka.

Det hadde vore til dels tøffe tak, både fysisk og psykisk. Ho visste at ho hadde alt for mange ting i den vesle leiligheta, men … ho kjende seg så knytta til dei. Dei hadde kvar si historie alle desse sakene som var stua og stabla på dei mest utrulege stader. Men no gjekk det ikkje lenger. Ho såg sjølv at det ikkje gjekk. Det vart berre så alt for vanskeleg å ta tak aleine. Ho visste ikkje kass ende ho skulle ta tak i først. Men så kom dagen då ho torde å vise fram soverommet til ei god venninne. Ho hadde då sett både gangen og stova før, og det var ikkje alltid at andre enn ho fekk kome inn og sjå. Det hadde vore isolerande til tider. Men denne venninna hadde ikkje letta på eit augebryn. Ho hadde berre sagt at det var klart at ho skulle få hjelp når ho var klar til å ta tak.

Fire dagar var gått sidan det. Mykje var levert på gjenbruk, ein del hobbyartiklar var levert til ein sfo i nærleiken. I gangen stod det no heile fem fulle sekkar som berre var søppel. No var det søppel. Ho kjende eit sug i magen ved tanken. Så rista ho det av seg, opna den grøne, kalde, seig godt bak i sofaen og slo på fjernsynet.Tok seg tid til å nyte denne fredagskvelden i fred og ro. Sjølv om det stod att ein del jobbing, så kunne ho vere godt nøgd med den delen som var unnagjort.

Kontroll vs Kaos 1-0

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
eit steg om gangen

31 comments


  1. Kudos for vel utført jobb – jeg går fremdeles og venter på at ryddetrollet skal overmanne meg…





    • Takker :)

      Eg venta svært lenge eg og. Men så innsåg eg til slutt at trikset for min del var å overmanne, ikkje å verte overmanna. 😉





  2. I blant har har man fortjent en grønn iskald og flott.
    Flott jobba! … og flott skrevet var det også :)





  3. Godt jobba!!





  4. Ahhh, slikt kaos er godt aa faa under kaoskontroll. Det verste er aa begynne, jeg maa liksom “manne” meg opp…en tid 😀 Men naar man foerst er igang blir det som en kjedereaksjon og man driver rundt som en hvit tornado! 😆

    Godt at du fikk det under kontroll Sylja, og en iskald i sofaen var velfortjent :)

    Gode klemmer sendes deg :)





    • Hehe… Eg har nok ikkje fått utdelt det tornadogenet. Det er visst eit par andre slike husmorgen som eg manglar og… *flire*

      Klem





  5. Jeg samler på altfor mye! Skulle tatt en slik sjau selv, kjenner jeg. Og kanskje er sommerferien tiden til nettopp dette. Tror jeg skal bli flinkere til å kvitte meg med ting og tang, … med tid og stunder.
    Flinke du!





    • Sommarferien var i grunnen grei å bruke til slikt. Ellers i året er det ofte mangel på tid som er unnskyldninga her i huset… 😉





      • Nå har jeg også kasta! Fort og gæli, er det ikke det det heter? Jeg kasta litt for fort, for det var visst noen som ville ha det. Sukk.
        Men nå er det for seint. Håper vi glemmer fort også.
        Hehehe





  6. Vel unt den grønne kalde! Så bra når en klarer å overmanne :)
    Nyt helga!





  7. Dette ga inspirasjon. I dag skal jeg starte jeg også, tror jeg nesten helt sikkert…. 😉

    Gratulerer med vel gjennomført!





    • Takker -så langt.
      Heilt gjennomført er det enda ikkje. Men no vart eg ferdig med soverom og bad på fredag, kjøkkenet gjorde eg ferdig i går, og no skal eg ta resten på stove og gang. Så kan eg forhåpentlegvis byrje på ny veke i fullstendig nedvaska og systematisert lelighet. :)





  8. Å, da er vi litt på samme sted for tiden… Og du er jo godt i gang, så flink du er :-)
    Her er det alt for mye som tar opp plass, tid og ikke minst energi. Både fordi det er der, og fordi jeg vet at jeg burde ta tak i det. Vel, nå er jeg i gang. Tok kastehanskene på, og gjorde hjertet kaldt. Så kaldt som det gikk, i alle fall. Fortsatt er det mye igjen, men første runde er over. Skal gå i gang med andre runde nå, finpusse kastehånden før vaskehanskene kommer på.

    Lykke til med resten, Sylja. Vi satser på en vinskål for god gjennomføring til kvelden 😉





    • Eg kjenner meg flink. Men litt skamfull og, fordi eg let det gå så langt. Men mest flink, for no tek eg tak i alt. Både uttapå og inni. 😉

      Og eg må nok skåle i alternativer i kveld, men skåle, det skal eg! 😉





      • Jeg tviler på at du er kommet like langt, feil vei, som meg – her er det 5 år oppsamlet. Og det er bare siden pappaen til mine engler flyttet. Hadde aldri full ommøblering da, så nå er det kasting og bortpakking på høyt nivå. Meget på tide. Jah!

        Jeg har kaffe, og fløte, også, om det er duganes 😉 Med en is til dessert!





        • Eg veit … har kasta/gitt bort ting etter mamma no i denne ryddinga. Ting som var teke vare på og pakka med i alle flyttelass i 26 år. Noko av det var berre leita fram kvar gong eg pakka det om for flytting… *rødme*
          Men no gjeld det å sjå framover her. Struktur, orden, system. Kontroll. 😉





  9. Kjenner jeg blir imponert, inspirert.. og litt tiltaksløs. Om du skjønner?
    Det samler seg opp så alt for mye gjennom årenes løp. Og det meste har en eller annen følelsesmessig verdi.
    Tror kanskje det blir nytt innlegg på meg nå, og da linker jeg til dette……
    Ha en super søndag videre.
    Og klem!! 😉





    • Jepp, veit kva du meiner. Det er ikkje alltid like enkelt å bestemme seg for kva som skal få vere med vidare….. men eg trur enno ikkje at eg kjem til å sakne noko av det eg har kvitta meg med. Sjølv om eg trudde at eg var svært knytta til dei tinga. Sanninga er vel at eg var -og er- knytta til personen som har hatt det før, eller laga det på eit eller anna tidspunkt. Men den forbindelsen forsvinn ikkje om ein kvittar seg med ei falma, flekkete og klumpete pute, eller ei saftmugge med skår i. Det tok berre litt tid før eg skjønte det med heile meg -og ikkje berre med den påtekne fornufta… 😉

      Ein god søndagskveld til deg :)





  10. Pingback: Hjelp meg å rydde!!! | Lilleyam

  11. Men eg lurer fælt på korleis eg kan vite kva eg skal ta vare på og kva eg skal kaste, for det er så mykje eg ikkje vil kaste. Kan eg vite at eg ikkje vil sakne det eg kastar? Tenk om eg kastar noko eg har fått av nokon, og som kan hende vert fornærma då? Eller tenk om eg kastar noko eg får bruk for ein gong!
    Korleis kan eg vite det?
    Eg er imponert over dei som klarer dette. Eg klarer ikkje, sjølv om eg vil aldri så gjerne.





    • Eg har tenkt akkurat som du i mange, mange år. Men no hadde eg rett og slett så mange ting stabla over alt at eg av og til lot som om eg ikkje var heime for at folk ikkje skulle komme inn og På god veg til å verte ein slik samlar som ein ser på fjernsynet. Eg måtte berre innsjå at ingen ting pynta opp som det var meint, og ingen ting kom til nytte slik det var. Om eg trengde noko som eg visste at eg hadde -ein plass, så var det liten sjanse for å finne det att utan å snu på absolutt alt.
      Eg m åtte berre bestemme meg for at det som eg ikkje finn fast plass til, det har eg ikkje plass til å ta vare på. Eg har ikkje bod her eg leiger, og det er kanskje like greitt… 😉
      Men det raraste er at eg ikkje saknar noko enda, og trur ikkje eg kjem til å gjere det heller. Og eg vil heller ha mange kaffebesøk enn mange ting….

      No er eg så “heldig” at eg foreløpig slapp unna det med at nokon vert fornærma. Det var mest ting frå mamma og besteforeldra mine eg hadde gøymt på. Det som måtte ha kome frå resten av familien, det veit eg at dei ikkje tenkjer så hardt på. Dei har etter kvart vorte klar over situasjonen, og er berre glad for at eg har greidd å kvitte meg med alt som eg ikkje hadde plass til….

      Men om ein skulle få bruk for noko ein gong… Det er eigentleg så greitt at om det ikkje dreier seg om noko heilt spesielt, og ein ikkje har hatt bruk for det på eit år, så er sjansen liten for at du får bruk for det att…. 😉
      Det er vanskeleg. Men ein greier det ein må. :)





  12. Nå vet jeg hva jeg har mye av……. koppehåndklær og vaskefiller 😆 Undres på hvorfor. Det må være for at jeg er evig optimist :)
    Har du kommet deg rundt nå? Jeg er nesten ferdig med kjøkkenet mitt, men så fikk jeg en liten ubeleilig influenselignende sak her. Håper det går fort over :)





    • Eh.. beklagar seint svar her. Eg er ikkje heilt i mål enda. Eg var for så vidt i mål, men så bestemte eg meg for å ta alt som har stått på lager sidan flyttinga no når eg var i gang. No er eg nemlig så lei av å sortere at eg hiv det meste likevel. *flire*





      • Hehe 😆
        Smart strategi du 😀
        Nå er kjøkkenet mitt ferdig skrubba og rydda, men jeg har flere rom og skap som kunne treng en grundig gjennomgang. Så får vi se da, hvor lenge inspirasjonen varer :)
        Ha en fin torsdag Sylja.





  13. Flink jente 😀 Klemmer i fleng! <3





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *