Grønsåpe, grillpølser og hostesaft …

… Ja, slik kan dagen vår oppsummerast ganske kort. Men den har ikkje vore nokon kort dag for det. Eg har vaska over absolutt alt ein gong til, vore innom Nav ein tur (om det hjalp noko vil tida vise…), og så var eg innom Jysk og kjøpte nye puter og sommardyner til dei søte små. Endeleg er ryddesjauen over for denne gong, og Veslegull og Pjokken skal feriere her i tre veker.

Tenk, det er like lenge som eg har rydda og sortert her. Tre veker tok det å sortere alt, fylle 11 søppelsekkar, levere to kasser til gjenbruk og ellers få organisert alt som er att. Det vil seie… eg er ikkje heilt ferdig enno. Eg har framleis nokre esker med bøker stabla hist og pist i gangen, men dei skal eg ikkje opne før eg får kjøpt meg bokhylle. Då skal eg sikkert kvitte meg med enno litt meir… 😉

Dei søte små er ikkje i form. Vi hadde planlagt grilling i dag -sidan veret tillot det, men dei små fekk nesten ikkje i seg noko som helst. Dei hostar og har feber begge to, så det vart tidleg kveld på dei.Får berre håpe det går fort over.

Så her sit eg då. Eg kosar meg med ein kopp te og bloggar med reint samvit i kveld. Det er faktisk ikkje noko eg kan komme på som eg burde ha gjort -anna enn å gjere ferdig forskjellig i handarbeidkorga mi. Og det får eg jammen meg nok tid til no. 😉

Eg tok nokre bilete i stad, men dei vart litt uklare … Det er sikkert grønsåpe/salmiak-rusen som har gjort meg litt ustø på handa… Men eg må vise fram litt likevel. Eg er nemlig mektig stolt over det arbeidet som er gjort her! :)

I gangen (mellom kassene med bøker) står eit arvestykke som eg er svært glad i. Eg veit ikkje kor gamal den kommoden kan vere, men min far trudde den kunne vere frå 20-30-talet … kanskje… Den har i alle fall stått på loftet hos mine besteforelde sidan huset der vart bygd på.

Gang1

gang2På stova har eg eit anna arvestykke, også frå Farmor og Farfar. Spisebord med skap. Det fekk dei i bryllupsgave i 1943. Men akkurat her har eg visst vore meir oppteken av å vise fram insrumenta som får plass oppå der.

stue1Spisebordet er dekka av voksduk i og med at eg venta på ungane, så det hoppar eg over no. Men vindauget som tidlegare har vore tildekka av persienner så ikkje folk skulle sjå inn, det ser no slik ut :

stove2

..Og kjøkkenvinduet toler og dagens lys no:

-og andre sida ..

..og her er framleis ein jobb å gjere. Alle arbeida i (på) korga skal gjerast ferdige før eg kan ta til på noko nytt.

Her var det ymse som dukka opp … Og dei tre boksene inneheld oppskrifter og mønster som må sorterast og settast i perm. Men det vert kose-arbeid til hausten. I den grå kista heilt nederst, der ligg malesakene mine og ropar på meg. Eg skal nok framleis finne noko å gjere på om kveldane, ja… 😉

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Kvardag_eller_liknande

14 comments


  1. Så koselig du har det, og så fint det ble :)
    Jammen litt av en jobb du har gjort Sylja, imponert.
    Jeg ønsker Gulla god bedring, og deg en fin sommerkveld :)
    Klem!





  2. Det ble jo kjempefint :-) Så flink du har vært! Høres ut som om høsten din blir koselig, med maling og håndarbeid og slike rolig høstsyssler :-) Må huske å kjøpe inn nok stearinlys 😉

    Jeg liker også arvegods, og familiehistorie. Har en sjenk som Farmor og Farfar hadde fra 50-tallet, og noen småting jeg har hentet frem fra skapene. Og du, jeg tror kanskje jeg har et fat som er akkurat lik det som du har hengende på kjøkkenveggen – Gi Oss I Dag Vårt Daglige Brød. Det er fra Mormor mi ♥

    I kveld kan du med god samvittighet både blogge og slappe av med te 😀 God bedring til de søte små, og god kveld til deg! :-)





    • Åh … fatet mitt er og frå Mormor. 😀
      Det er kjekt med slike arvestykke. Kommoden som står under fatet der er frå mamma sin barndom. Og min barndom. Eit under at den framleis heng saman. *ler*
      -Og stearinlys slepp eg å kjøpe med det aller første. Det dukka nemleg opp ei middels stor kasse frå den tida eg samla på lys … *kremte*

      Takk, ein god kveld til deg og :)





  3. Det var en flott kommode. Så flink du er som rydder. Driver litt på med det innimellom her også, for fortsatt er det mye som må ut før alt det andre kan komme inn. Men vi tar det sånn litt etter litt, da føles det ikke så uoverkommelig.





  4. Fine bilder, likte godt det blå vinduet :)





    • Takk :)

      Eg fall fullstendig for desse vinduskarmane første gong eg såg leiligheta. Det er noko eige med kjellaren i ein gamal, staseleg trevilla…





  5. Hos oss het det tranasol, hele oppveksten, men tran først…





  6. Det ble kjempefint 😀 Du har vært veldig flink, Stor klem <3





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *