Mormortankar i natta …

Mormor veit ho har forsømt seg. Men om Mormor ikkje har blogga om deg enda, så betyr ikkje det at ho ikkje tenker på deg. Vesle-prinsessa vår … heretter kalla “Lisjå” i bloggsamanheng.

Det er i desse dagar du eigentleg skulle ha kome til verda. Dei lærde stridast framleis om slike ankomstdagar, men ein plass mellom søndag og i dag skulle visst vere det heilt korrekte. Men mandag var du allereie fire veker gamal. I dag, den 20, er du ein månad sånn i dato. Det er utruleg kor fort tida går. Og mormor tenkjer på deg nesten heile tida. På deg og Knerten, som no har vorte storebror. Og på Prinsessa og Gemalen som no er tobarnsforeldre. Det er utruleg kor fort tida går. -Åh, har eg sagt det allereie?

Men Mormor har ikkje site med hendene fullstendig i ro i fanget sidan du kom til. Sånn imellom alt som har hendt her, og sidan eg og Oldefar din var på besøk, så har eg pusla med mormor-ting no og då. Eg har lært meg å strikke “labbar” til baby …

….Det siste paret vart sjåande slik ut då dei var ferdige…

Også har Mormor tenkt litt på storebror og. Det byrja med eit “byggesett” omtrent over “samme lest” som babylabbane, men med litt fleire delar….

..det å få alt rett vart litt meir pirk og prøve/feile enn det Mormor først hadde tenkt, men no ser det slik ut, snart klart for toving …

..Og medan Mormor har pusla med alt dette og meir til, så har du sysla med ditt. Du har allereie skjøna korleis sommaren ville verte, og nytta høvet til å ligge “i solseng” nokre ekstra dagar på sjukehuset. I to omgangar. Men heldigvis ser det ut til at alt går greitt no, og du et som du skal og har vorte stor jente på over to-og-eit-halvt kilo! Strekt deg har du og gjort.

Så med det vil eg sei velkommen til deg, kjære Lisjå. Velkommen til verda og livet, og til bloggen til Mormor. Vi gler oss alle til å verte betre kjent med deg <3

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
barn, Handarbeid og hobby, Kvardag_eller_liknande, Sylja

16 comments


  1. Gratulerer med nytt familiemedlem:)





  2. Nommen…… Så søt da 😀 Gratulerer så masse som mormor igjen.
    Også så stilige traktorlabbane ser ut da. Regner med at de kommer til å gjøre stor suksess :)





  3. Gratulere med nytt skudd på stammen :-)

    ………….. og du, han Knerten kommer til å fyke bortover gulvet med slike labber :-)





  4. Gratulerer så mye med veslejenta. Nydelig er hun.
    Det største på jord,- det er å være bestemor!
    p.s du får kjøpt på tube et stoff for å ha under glatte sokker. Jeg har kjøpt det på samme forretning som selger garn. Veldig effektivt.





    • Takk :)

      Ja, eg har laga nokre tøfler etter kvart, sjølv om dette er det første traktor-paret. Det er ikkje noko greitt når tøflene vert for glatte. Det latex-greiene som ein har under er berre genialt. :)





  5. Gratulerer med nytt familiemedlem :-)





  6. mormortanker.. du sier noe.. jeg blir mormor for første gang i august en gang, og strikkepinnene går her også.. tankene er fulle at alt som skal skje, så jeg til og med drømmer om det!!
    Morsomme sokker/tøfler! Her går det i jakker, gensere og bukser… i flertall, for det blir tvillinger!!!!





    • Åh, så kjekt da! :)
      Det er vel litt tidlig å lage slike tøfler enda, ja. Men så kjekt det vert med tvillingar! Strikkar du to like, eller varierer du litt så det ikkje vert nøyaktig likt?





  7. Gratulere som Mormor, og med ei søt jente..
    Ja du har en fin tid i vente.
    For lykken er å ha barnebarn,
    å Strikke sokker av bomullsgarn.
    Ønsker deg glade og fine dager fremover,
    Klemm fra meg. :)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *