Ferieaktivitetar i og rundt Syljaheimen …

Vi ferierer så godt vi kan utan eigen bil og store økonomiske utlegg. Det let seg gjere det og, sjølv om veret ikkje har vore det aller beste. Vi er nemlig einige om at ferie, det er å gjere noko anna enn det vi gjer til kvardags. Og det kan vi gjere sjølv om vi ikkje reiser langt.

Men sjølv om eg ikkje køyrer sjølv, så har vi vore på ein liten tur. Det er snakk om ein halvtimes biltur, og det vart ordna av ei av mine gode venninner. Familien hennar har ei hytte ved sjøen, og dit fekk vi vere med. Det var der vi var i helga, utan fjernsyn og skjerma for den verste dramatikken. Likevel fekk vi oppdateringar på tekstmeldingar, og så høyrde vi på radio, må vite. Men det vart vanskelig å ta det heilt innover seg, det vart så ufatteleg alt saman … Så før vi fekk bileta frå fjernsyn, aviser og internett, så bestemte vi oss for å skjerme borna best mogleg, og nyte dei få dagane vi kunne ha hytta. Kvardagen ville nå oss fort nok likevel, fann vi ut.

Så i det vesle avskjerma ferieparadiset vårt så heldt vi fram som vi hadde gjort på torsdagen. Vi leita etter småkrabbe i fjøra, for ut med båten og fiska, og jammen fekk vi nokre få fisk og. Nok til eit nydeleg grillmåltid på hytta, og til eit par middagar når det måtte passe seg slik. Vi spelte kort og yatzy, og vi hadde med handarbeide. Det var gode dagar.

Og i dag fekk vi vere med på besøk til kjende som bur litt meir opp i høgda. Vi har hatt ein svært triveleg dag med både grilling og riding, og eg har utfordra meg sjølv stort i dag. Eg kunne nemleg ikkje vise ungane at eg var redd for hestar, så eg måtte berre helse på hesten og klappe og god-prate litt. Men så er det no ein gong slik at ei gamal, roleg fjording-dame ikkje verka så farleg likevel. Eg var ikkje opp på hesteryggen i dag, men eg gjekk pent ved sida då Pjokken skulle sitte på hesteryggen. Tenk det …

Og i morgon, då skal vi til frisør alle saman. Det er ikkje daglegdags det heller. 😉

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
barn, Kvardag_eller_liknande, Sylja

10 comments


  1. Så fint at dere kunne ta en helgetur. Inntrykkende er vonde og vanskelige. Og vi kan trenge en pause vi som er voksne også. I vår familie har vi nå valgt og ikke la radio og tv stå på med nyheter når barna er tilstede.
    Fine bilder av barn som ser ut som de storkoser seg.





    • Nei, her har fjernsynet vore under streng kontroll. Eg brukar vanlegvis ikkje å sjå anna enn lokalnytt før ungane legg seg, men eg har hoppa over det og denne veka. Eg kan sjå det eg orkar å få med meg etter at dei har lagt seg.
      Men dei får med seg mykje likevel. Dei høyrer på andre og så spør dei meg om sånn og slik er sant. Så vi har prata litt om det, men utan dei sterkaste detaljane…
      -Og vi er verkeleg heldige som har folk rundt oss som har hytter og bilar og tålmod… *flirer*
      Frå spøk til alvor att: Vi set stor pris på desse turane vi får vere med på. Og kanskje kan vi ta ein busstur og før ferien er heilt slutt. Vi får sjå… :)





  2. Ja, ferie er å gjøre noe annet enn det en pleier å gjøre til hverdags. Og bare det å få være sammen er jo flott! Kunne bruke mer tid sammen.
    Ungene mine er voksne, hvertfall nesten, så jeg har reist på ferie alene i år. Både kjekt og litt trasig også, for det ble lange bilturer, og ingen å snakke med underveis. :-(
    Men desto koseligere å komme fram til venner som jeg besøkte underveis på ferden min fra øst til vest, fra vest til sør, og fra sør til øst igjen. Det ble en vakker sight-seeing i landet.
    Ønsker dere god sommer fortsatt.
    Klem fra Tamina





    • Det har sin sjarm å kunne høyre den musikken du likar sjølv, sleppe å “megle” mellom dei i baksetet, kunne stoppe kvar du vil og bli så lenge det passar… det har sin sjarm det og. Men om du vil ha selskap i bilen neste gong, så stiller vi sjølvsagt opp! *flirer*

      Fortsatt god sommar til deg, og god klem :)





  3. En trenger ikke alltid dra langt for å ha ferie og flott feriestemning :)
    Riktig koselig ser det ut som dere har hatt det.

    Og det du skriver om å begrense de siste dagers hendelser litt, det er jeg helt enig i. For barna er det spesielt viktig. Men, vi trenger noen pauser vi voksne og, tenker jeg…





    • Feriestemninga greier vi å halde sjølv om vi er i og rundt heimen, ja. Heldigvis.
      Og pauser treng ein som vaksen og. Det er no over ei veke sidan, og eg kjenner at eg framleis har vondt for å trekke pusten av og til når eg tenkjer på alle dei som sit att … og eg kjenner kor heldig eg er som kan trekke meg unna alt det vonde og ikkje vere direkte berørt…
      Heldigvis ser det ut til at borna har fått svar på sine spørsmål fram til no. Eg er berre litt bekymra for at eg har skjerma dei for godt, at det vert eit sjokk når dei høyrer kva andre kanskje kan fortelle når skulen tek til att…





  4. Det er godt med ferie og litt bort fra hverdagen.
    Godt at du skjermet barna fra den ondskapen, ikke allt er for små øyer heller,
    de møter tidsnok hverdagen.. med allt innehold.
    Ønsker deg og dine fine dager. og en god helg.
    Klemmer til deg. :)





  5. Hørtes fullstendig fornuftig ut, det dere gjorde og slike dager ved sjøen er verdifulle for ungene. At du klappa hesten når du er redd hester gir jeg tonnevis med kudos for! Respekt, Sylja – og du trenger ikke å ri! La alle andre gjøre det 😉





    • Takk, takk, den kudosen tek eg til meg og gøymer på. Eg trur eg var gråbleik på innsida, men ho som eigde hesten oppdaga ikkje at eg var redd. Ikkje ungane heller. Men venninna mi, ho såg det. -Men ho visste om det og.. 😉
      Men den hesten der, den kan det faktisk hende at eg skal helse skikkeleg på fleire gongar. For det gjekk mykje betre etter berre ei lita stund, og hesten let vere å terge meg -sjøl om ho sikkert merka kor usikker eg var… 😉





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *