På tilskodarplass

Dei sat der dei bruka å sitte. Dei hadde liksom eit fast bord ute på røykeplassen. Om det bordet ikkje var ledig når dei kom, så sette dei seg så nære som mogleg og berre venta. Då såg dei verkeleg ut som dei berre venta og. Dei prata mest ikkje, berre heldt auge med det faste bordet, klar til å slå til når okkupantane endeleg gjekk derfrå. Dei vart berre kalla for Rosa og Lilla, tilnamna gav seg mest sjølv når du såg på dei. Rosa var bleika blond, Lilla såg meir naturleg mellomblond ut.

Denne dagen såg dei avslappa, men slitne ut. Dei såg ofte litt slitne ut, men det kan no ha mange årsakar. Eg kjende dei ikkje anna enn frå tilskodarplassen ved eit av naboborda. For det var som ein tilskodarplass. Dei var fullt klar over at alle kunne høyre kvart eit ord som vart sagt når dei lena seg bak på stolen og filosoferte opp i høgt. Då hadde dei gjerne eit par vinglas som merkeleg nok såg ut til å vere tomme til enkvar tid. Eg vart aldri heilt sikker på om dei drakk fort, eller om dei berre sat der og heldt på vinglasa…

Dei hadde kvar sin sigarett, bles tenksamt ut røyken medan dei førte samtalen. Denne hadde vi hørt før. Rosa ville gjerne treffe mannen i sitt liv, Lilla meinte at ho var for desperat i leitinga. Vi smilte litt vitande til kvarandre og heldt fram med vår eigen samtale. Argumenta gjekk fram og tilbake ved nabobordet, akkurat så høgt at vi ikkje kunne unngå å få det med oss. Rosa var skuffa, ho hadde møtt nok ein mann som ikkje heldt det han lova, meinte ho. Lilla meinte at han ikkje hadde lova noko som helst, og at Rosa berre var for ivrig og pågåande.

Men brått stoppa samtalen vår heilt. Dette var nytt, det hadde kome ein skarpare tone i samtalen ved hjørnebordet. Lilla var i gang med ein monolog, og ho prata høgt og tydeleg. “… og han skal ikkje vere sånn, han skal ikkje gjere slik, han må ikkje meine ditt, og han må absolutt ikkje ha gjort datt … Du vil ikkje ha nokon mann du, du vil berre ha noko å klage over. Så lenge du kan klage over desse stakkars karane som ikkje kan leve opp til  umenneskelege krav, så slepp du å ta tak i deg og ditt eige. Du sei at du ser framover, at du er open for nye ting, men det er reint oppspinn. Du går kanskje mot framtida, men du går baklengs med blikket låst fast på det som var for 20 år sidan. Om du då skulle slumpe til å ramle over noko nytt, så plantar du raua nedover det før du får sett etter kva det var!”

Vi heldt mest pusten der vi sat, litt usikker på kva som ville hende no. Lilla slappa av i stolen att og fyrte opp ein ny sigarett. Rosa såg litt fortapt ut, nesten som om ho var usikker på om ho skulle verte sint og forsvare seg, eller om ho berre skulle gråte. Men så retta ho seg opp, lo ein trillande, smittande latter og sa: “Du, kva har eg sagt om den psykologilesinga når du er så pre? ”  Dei såg på kvarandre, lo hjarteleg, skåla, og skifta tema. Alt var heilt normalt att.

Og eg undrast den dag i dag om dei to damene fann stor moro i det å halde ap med oss på denne måten, eller om dei faktisk berre drakk så mykje vin som det såg ut til og var høgrøysta og lett filosofiske av den grunn … Eg har uansett tenkt mykje på det Lilla sa om å gå baklengs inn i framtida. Ein må sjå rett veg om ein skal sjå kva som kjem…

2
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Tankekrøll

16 comments


  1. Det har du helt rett i, Sylja! Men…det er ikke alltid lett å dra til seg blikket, og snu seg i riktig retning. Eller holde blikket fremover, om man har klart å snu seg.
    Om man brøyter vei med baken, kan man jo ende opp hvor som helst – og uten mål kommer man som regel ingen vei.

    Snu nesen fremover, og ha målene i siktet :-)





  2. Oi, det hørtes ut som noen “sprudlende” damer. 😀
    Men hun lilla, hadde jo rett en skal ikke gå baklengs inn i fremtiden
    en bør jo vite hva en går til, å se seg for…
    Ønsker deg en fin Søndagskveld.
    Klemm fra meg.





    • Ja, sprudlande, det var dei absolutt. Og så ramla det sanneleg eit og anna visdomsord og frå den kanten… :)
      Ei riktig god helg til deg, klem :)





  3. “så plantar du raua nedover det før du får sett etter kva det var”

    😆





    • Ja, det er ein sånn replikk som festar seg… og skaper mentale bilete…uansett kor mykje sanning det måtte vere i det 😆





  4. Mmm…man må feste blikket framover…allikevel er det noen ganger enklere å se bakover…





  5. Det er ikke lett å gå fremover…om en samtidig kikker seg over skulderen 😉

    Herlig fortalt dette :)





  6. Jeg kunne gjerne vært tilskuer der :) Herlig fortalt og med mening.





    • Takk :)
      Eg må innrømme at eg saknar desse to friskusane. Eg veit faktisk ikkje kvar i verda dei er no… Men det hadde vore artig å få sjå dei att :)





  7. Kloke ord, dette. En skal ikke gå baklengs om en vil se hva som kommer.
    Å, så rett du har.
    Dette trengte jeg å høre.
    Samtidig vet jeg jo at det er fryktelig lett å ta seg en titt bakover for å sjekke hva som skjedde der bak.
    Tommel fra meg.
    Og en klem fra Tamina





    • Takk :)
      Nei, ein må sjå framover. Og av ein eller anna grunn så har eg tenkt mykje på akkurat denne kommentaren til Lilla når eg har rydda ut alt ddet gamle her… Du skal sjå der er ein samanheng ein plass… 😉
      Klem





  8. He he, det kan komme mangt et sannhetsord som ellers aldri ville kommet ut “i ord og toner” i fylla eller “i pre” som du uttrykker det. Men så lenge man har humøret på plass, så går det som regel bra!





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *