Eg vart liggande “langflat”

Det er faktisk det vi seier. Eg vart liggande “langflat” med muskelsmerter, hovudverk og feber. Då låg eg så og sei langflat. Vart svimmel, og sveitten rann om eg måtte stavre meg over golvet no og då. Men den andre dagen, då den inderlege hosten og problema med å trekke pusten tok til, då kan ein ikkje kalle det langflat, akkurat. Då var eg litt meir oppstabla, ellers så hadde eg aldri fått puste… Men no, no er eg heldigvis komen til tidvis sitjande. Eg har fått medisin mot mykoplasmainfeksjon i lungene, og den ser heldigvis ut til å virke ganske fort. Så no er eg her sånn av og til, i alle fall. Men det vert nok mest smålesing og forhåpentligvis ein fortsåeleg kommentar her og der. Eigne innlegg trur eg at eg skal vente eit par dagar til med. Dei kaotiske feberdraumane er ikkje alltid så interessante likevel, så det er like greitt å spare dokke for det. 😉

Men takk til alle som har vore innom og lese likevel medan eg har lagt her og svima. No trur eg at eg har oppdatert meg på eigen blogg, så no skal eg lese vidare hos dokke etter kvart.

Ha ei retteleg god helg :)

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Kvardag_eller_liknande

8 comments


  1. Uffamei, det høres ikke godt ut.. :(
    Har hatt noen dager rett ut jeg med,
    Men det går heldigvis over.. :)
    GodBedring og en god helg til deg.
    Klemm fra meg.





  2. God bedring til deg Sylja. :-)





  3. hei der….

    mykoplasmainfeksjon i lungene hører ikke til min hverdagsterminologi –
    men det er sikker ikke godt…..

    bra det finnes hjelp for det meste her hos oss :)





    • Eg hadde berre hørt om det fra prinsessa før pjokken -og no eg, fekk det påvist. Det er ingen ting å trakte etter, så da veit du det.

      Her inne får ein god hjelp for absolutt alt. Sånn er det med den saken. 😉





  4. Neimen :-( Neeeeei.
    God bedring, kan ikke si annet… 😯 off…





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *