..hald meg i trua..

Rekk meg eit lys
det er så mørkt her nede
og vegen opp er så lang og trå
Det er som om eg stampar i gjørme
men der er ingen annan veg
eg kan gå

Snakk til meg
det er så stille her nede
og røysta mi når ikkje lenger ut
Før kunne eg høyre lydar frå dagen
men gjørma og mørkret
har viska dei ut

Eg har enno i meg minna
fra før kanten eg sat på gav etter
eg kan enno hugse dagar med sol
og vakre, stjerneklåre netter

Rekk meg ei hand
det er så tomt her nede
hendene mine får ikkje tak
eg kan berre ikkje gje opp no
der er ingen ting
som bremsar der bak

Vent på meg, tenk på meg
eg er så einsam
og inkje menneske kan kome hit ned
men hald meg i trua på at kvardagen er der
så kjem eg attende
steg for steg.

4
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
eit steg om gangen, mine dikt, vgb-arkivet

16 comments


  1. Har du skrevet selv? Det låt så…kjent. Men det var i allefall kjempefint, Sylja. Kjente at det traff gamle strenger… Likte dette virkelig, har ventet på at et slikt “treff” skulle komme.





    • Ja, det er mitt, både ord og bilete.
      Eg held på å flytte dikta mine over frå vgb. Du har sikkert sett det der… :)

      -Og det gjer godt å vite at nokon andre kan finne noko i det som eg har formulert på eit eller anna tidspunkt :)





  2. Så fint dikt, sylja.
    Og bilde forsterket ordene.
    Kan ikke huske om jeg leste det på vgb..
    Men jeg kan rekke deg ett lys i mørket.
    og
    en god nattaklem.





    • Tusen takk, E-B. Eg tek imot lyset sjølv om eg “nyt frisk luft” akkurat no. Ein har ingen garanti for at kanten held for evig. Men kanskje eg greier å la vere å gå så langt utpå igjen?
      Uansett så tek eg med meg alle desse dikta over til denne bloggen. Dei var grunnen til at eg opna blogg i første omgang, og dei er ein viktig del av meg som eg vil ha med vidare. På godt og vondt. :)
      Klem:)





  3. Fine ord og en fin illustrasjon.
    Det rører ved noe jeg kjenner…





    • Takk :)

      Ein vert litt audmjuk når det ein skriv kan røre ved noko hos andre. Også vert ein inspirert til å skrive meir… :)





  4. avatar emte

    Dette diktet hugsar eg godt Sylja,det er nydelig.
    Gler meg på nye gjensyn frå din penn :)

    Marieklem





  5. veldig bra, sylja……

    mange som er der…. bra du er oppe i lyset nå da :)





  6. Jeg falt pladask for tittelen, Hald meg i trua. Tror det er nettopp det som er oppgaven vår, å hjelpe hverandre til å holde oss i lyset, i trua, i overflaten.
    Mmmmm, dette var nydelig vakkert, Sylja.
    God søndag til deg





    • Takk :)

      Det er viktig å ha nokon som kan gjere nettopp det. Vise at kvardagen ligg der og ventar til ein er klar til å delta i den att. Passe på at fokuset på den ikkje forsvinn. For kvardagen, den er opninga med dagslys og frisk luft i all den mørke gjørma… 😉





  7. Jeg er ikke helt sikker om jeg har vært innom hos deg før?
    Uansett tror jeg at jeg kommer tilbake.
    Det var nydelig og gjenkjennende skrevet.
    Takk for at jeg fikk lese noe som du gir av deg selv. :)
    Også leste jeg du var hostesyk, håper den er bedre.





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *