Ein veit at ein er heldig…

…når helga ikkje vert heilt som forventa, men ein har det kjekt likevel!

Sylja og Svigerinna prata om dette tidlegare i år. Vi skulle ha funne på noko i lag -så mange som mogleg. Og jammen meg så laga det seg slik at vi kunne samle heile 14 menneske med stort og smått denne helga. Vi fekk med Far min og Damå, Sylja hadde med Veslegull og Pjokken, Bror og Svigerinna hadde med sine fire og ein på lån, og så fekk Prinsessa og  Knerten sjansen til å hive seg med og!

Vi hadde sett oss ut ein campingplass med store, flotte hytter og mange ulike aktivitetar til å slite ut ungane på dagtid. Men då vi kom dit, så var hyttene 3-4 hakk under den standard og størrelse som det såg ut til på heimesidene til campingplassen. Litt ustelt og nedslite såg det ut både rundt hyttene og borte ved fellesarealet. Men vi installerte oss og bestemte oss for å ha det kjekt likevel. Så skulle vi til på aktivitetane. Då viste det seg at det oppvarma bassenget slett ikkje var det vi forbandt med oppvarma, og ein del av det som vi hadde gleda oss til var stengt grunna lav vannstand. Og andre aktivitetar igjen var det ein del av borna som var for korte til å vere med på. Litt dumt at det ikkje var opplyst nokon stad at ein måtte ha ei viss høgde både på born og vannstand for å få fullt utbytte av det dei kunne by på, men-men …

Vi hadde det kjekt i lag likevel. Vi bada til vi var nærare blåfrosne, også klatra dei som kunne. Og søndagen etter vi hadde pakka oss ut av hyttene, då spelte vi ein omgang med stigespel med oss sjølve som brikkar før vi stappa opp bilane med folk og for heim. Vi var fornøgde med turen, vi hadde godt selskap, og vi vil prøve å få det til neste år og. Men turen går heilt sikkert ikkje til denne campingplassen igjen…. 😉

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Sylja

10 comments


  1. Veldig kjedelig når ikke prospektene lever opp til hva de lover.
    Men dere gjorde det beste ut av det og beholdt humøret og hygga,
    det var flott synes jeg :)





  2. Heia Sylja :)

    Det er saa utrolig godt aa lese at dere tok alt paa strak arm og gjorde det beste ut av hva dere fikk, selv om forventningene og det som ble lovet ikke holdt maal. Det er slikt som gjoer at man kan ha det gildt, uansett :)
    Og naar alle samarbeider og smilene raader, blir det bra! :)

    Mange gode klemmer sendes deg :)





  3. Bra at helga var fin likevel:)





  4. Så bra at dere hadde det kjekkt likevell, og gjorde det beste ut av ferien.
    nei det er nok ikke allt som svarer til bilde og forventninger.
    Håper dere finner en bedre plass neste gang..:)
    Ønsker deg og dine en fin Sensommer med gode dager.
    Klem til Sylja :)





  5. Det som er viktig er ikke hvordan man har det, men hvordan man tar det, … tror jeg.
    Høres ut som at dere kan det der.
    :-)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *