Litt om feiring og kvardag -kvar dag…

 

Det er ikkje alltid så store feiringane som skal til. Det vart ikkje noko storstilt i år, men så var det då heller ikkje eit såkalla rundt tal. Personleg meiner eg at partal -og ikkje minst primtal bør feirast liksom alt anna, men det er no berre mi meining 😉

Det vart no likevel presangar, helsingar og oppstyr nok til at eg fekk halde dei velutvikla tårekanalane mine godt opne minst eit par gongar i løpet av veka … Men noko av det største stod eg for sjøl. Eg har fått mykje hjelp til å komme så langt, men prestasjonen, den er min. Eg har gått mitt aller første trimløp!

Tenk, eg var med på “Jentebølgen” i år -og ikkje berre som underhaldar og tilskodar. Eg gjekk løypa! :) -Og ikkje nok med det; Damekoret som eg gjekk i lag med, vi vann kostymeprisen i år også. Så no har vi byrja å planlegge til neste år, for vi satsar på “hat-trick”! 😉

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
eit steg om gangen, Kvardag_eller_liknande, Sylja

10 comments


  1. Så flott at du gikk “Bølgen” Sylja, kudos til deg, du er kjempeflink! :)

    Det er så fint å ta vare på de små tingene i hverdagen, det er de som virkelig betyr noe :)

    Og gratulerer hjerteligst med dagen som er overstått, slike feiringer du beskriver er så fine, så gode og de gir en minner for livet… Det er hverdagslykke :)

    Nå tar jeg sommerferie på ubestemt tid, skal kose meg her i skauen og litt andre tinger og tanger, ikke minst blomsterbeddene, steinbeddet og frukthagen er det godt å jobbe med, og nydelig å sitte å se på. Deilig å sitte ute og bare filosofere og titte på svalene som flyr fort, fort oppunder taksjegget for å mate sine små :)

    Jeg ønsker deg en vakker og god sommer, kos deg masse, og nyt sommeren :)

    Mange varme sommerklemmer sendes deg :)

    1





    • ..Steinbed, frukthage og svaler… Deilig! :)

      -Men eg hugsar frå då eg var ganske lita … Vi var på besøk hos farmor og farfar, og den tida hadde dei ein “innekatt” (som fekk/ville komme inn), og ein fjøskatt som helst berre ville vere framme i fjøsen. Over fjøsen hadde vi løa med høy og utstyr -og masse svaler. Av og til ramla det ein svaleunge ut av eit reir, og då var det først styr å finne den att nedi høyet, også skulle den helst på plass att og. (Vi visste ikkje at det kanskje ikkje var vits i..) Men ein dag hadde fjøskatten funne fugleungen før vi gjorde det… Traumatisk. Eg seier ikkje meir om det…

      Framleis god sommar :)





  2. Enig med Leyla her at dette er hverdagslykke og det burde du lagre dette innlegget under.
    Vi andre, vi får ta bølgen vi da :-)





    • Ja, kvardagslykke er ikkje å kimse av 😉
      Og den bølgen, den tek eg imot med takk. Fordi eg fortjener det. 😆





  3. Superduper er du.:lol: Grattis med vel overståt både bursdag og løp. Du kan være fryktelig stolt av deg selv. Jeg løfter armene og tar bølen sammen med de andre. Hurra for deg :)





  4. Hahaaa, jentebølgen – den går forbi sidegata til barndomshjemmet mitt, følger Nidelva… elvepromenaden. Jeg sto og så på jentestrømmen som bølga forbi og vinka til kjentfolk et år… og da jeg snudde og skulle gå tilbake til huset var det dritekkelt å se på asfalten, for den bølget… 😯





    • Au da! *flire*
      -Men det vert nok ei stund før eg reiser rundt heile landet for å gå jentebølgen. Det held i grunnen å få med seg det lokale arrangementet. ;D





  5. Hurra for deg, for både bursdag og gjennomføring av jentebølgen! Det er så flott med sånne seiere, de gjør dagene plutselig lettere.. deilig!

    God sommer til deg!





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *