..i fullstendig feriemodus…

Ja, for det er det eg er. Veslegull og Pjokken har vore her i tre veker, og vi har verkeleg hatt fullt feriemodus. Farta litt rundt, fått besøkt hytta frå i fjord i lag med ei god venninne, fiska og leita etter småkrabbe i fjøra … vi fann til og med ein tangsprell i år! (den fekk eg ikkje med på bilete, dessverre) Men storfiskaren i år, det vart Pjokken. Med nyinnkjøpt fiskestong hala han denne opp i båten. Flott bidrag til matauken!

 

Så har vi besøkt Bror min og heile banden, og vi har vore nokre dagar hos Moff. Og imellom all rekinga, så har vi gått turar med og utan niste, vore i fjøra og grilla pølser på ekte bål, vi har hatt flotte lunsjar og brunsjar (eller crønsj som Pjokken kallar det) på plena her, og rett og slett kosa oss så mykje som mogleg. Litt nyttige ting har og vorte gjort i fineveret. Veslegull har vaska alle blomsterpottene, dusja alle plantane og sjekka at alle hadde den molda dei trengte.

 

Nokre innandørsdagar har vi og hatt, Vi var ikkje like heldige med veret alle dagane. Men ikkje alle desse dagane vart tilbragt framfor fjernsynet, heldigvis. Vi har vore på besøk hos folk her i området, vore på bowling en tur, teke oss råd til å gå på kafe … og sjølvsagt kosa oss med brettspel, ds, dataspel og film innimellom slaga 😉

 

 

Og no er godungane på ferie i lag med far sin, og då nyt eg lange spaserturar og endå lengre sommarkveldar i lag med gode venninner. Stadig i fullt feriemodus. Måtte det berre vare leeeenge enda :)

 

Ein framleis god sommar til alle ihop – ferie eller ikkje.

Eg satsar på at vi sjåast litt oftare når hausten kjem 😉

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Kvardag_eller_liknande, Sylja

4 comments


  1. DET var litt av en rugg 😯 og så likte jeg drakta hans 😀 Onepiece, ja? Ser ut som du og dine har nytta sommeren til fulle. Herlig 😀 Men hva er tangsprell?





    • Vi hadde meir enn ein middag på den ruggen der, for å sei det slik 😉 Slik den var der, uten mageinnhold, så vog den litt over tre kilo. Men han drog ned inn nesten uten hjelp :)
      Det kan hende at Europris får problem om du kallar det ein onepiece, den var kjøpt som “kosedress”. Men den har jammen meg holdt både fasong og farge etter utruleg mange vask -som det gjerne vert når det er eit favorittplagg. Vel verdt den snaue hundrelappen eg betalte!
      Ein tangsprell ser nesten ut som ein liten ål. Den kan vel verte ca 20-25 cm på det meste, og kan finnast i fjøra under tang og stein.

      Ha ein fortsatt god sommar 😉





  2. Åhh, så herlig lesing, sommermodus, ja høres helt kos og rett ut, å nyte tiden sammen med sine, blogg skal jo være en hobby, en plass å kose seg.m.m.
    Ikke en “tvang” . Sommeren går jo så fort, bloggen forsvinner ikke..
    Men se hvor stoltheten lyser ut av øynene på den vesle fiskermannen. :)
    Skikkelig fisk, ja.. :)
    Og flotte bilder.
    Takk det samme til deg Sylja, en fortsatt god sommer.
    Klem fra meg.





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *