..å leve i fargar …

Eg slepp ikkje den regnbogen min slett enda. Eg slepp den kanskje aldri, men det vert ei anna sak. Nett no kjennest det nesten som om eg lever i fargar. Eg ser, sansar og pustar fargar.

Det er ikkje noko skremande med dette. Det er berre slik det “alltid” har vore. I periodar så er det fargar som hjelper meg med å sortere og bearbeide inntrykka frå dagen.

Eg skriv ikkje dette for å klage. Eg er ikkje ute etter masse sympati, eller å samle ei skare som kan syns synd i meg. For det er ikkje synd i meg. Men eg treng av og til å kjenne på at nokon prøver å forstå. Det er enkelte der ute (kanskje fleire enn eg trur) som vil forstå dette umiddelbart, nettopp fordi dei kjenner det slik sjølv av og til. Men andre igjen vil aldri ha forutsetning for å forstå slikt, og det er faktisk bra. Men det er ingen som kan forvente at nokon skal forstå utan at nokon prøver å forklare …

Eg får hjelp til å handtere dei mest dramatiske fargane som dagen kan ha. Det er lenge sidan ein heil dag -eller ei veke for den saks skuld – har vore kolande, stummande, trøsteslaust skremande svart. Og det er jammen meg bra! Men samstundes så kjennast det litt som om eg manglar eit par fargar i malarskrinet mitt. Eg jobbar mykje med det for tida -det å kunne vinkle det slik at eg kjenner meg frigjort frå fargar som skadar meg, i staden for å kjenne meg avstumpa og begrensa i fargevalget. Det kjem, det er lettare å nå dit når ein har lett ord på det, og laga eit mentalt bilete.

Dei mentale bileta er og viktige for meg. Det er kanskje ein av grunnane til at eg ofte vert forvirra nå folk pratar om “grå kvardag”. For meg er ikkje kvardagen grå. Den kan ha nyansar av grått her og der, men grått er sjeldan ein kjedelig farge for meg. Det som eg oppfattar at andre kallar “grå kvardag”, det er for meg ei rekke nyansar av ulike fargar -med ei solid gullramme rundt. For det å kunne leve direkte i -og berre i- kvardagen, det er noko av det eg jobbar mot og strekk meg etter. For når fargane vert for skarpe og dominerande, så har eg ein tendens til å gå ut av ramma og la meg oppslukast fullstendig av fargen. Det er då eg ofte treng hjelp til å tone ned fargen og krype inn i ramma att.

Og her kjem vi attende til den svarte fargen. Den får ikkje lenger oppsluke meg, for den er (i alle fall midlertidig) fjerna frå fargeskrinet mitt. Men, den er ikkje den einaste fargen som er borte. Det finnast ein farge til som er svært skadeleg å la seg oppsluke av. Det er den som for meg er lys, lett, ubekymra rosa. Den høyrer heime i ei verd der alt ordnar seg, ingen ting er umogleg, og luftslotta vert solgt fortare enn dei kan byggast. Der er det heilt fantastisk å leve, heilt til ein trakkar igjennom den rosa skya og deiser ned i det svarte holet som alltid ligg der og ventar. Som regel skadar ein seg stygt både i fallet og ved landing …

Så alt i alt er det best å ha eit fargeskrin utan tilgang på desse fargane. Sjølv om eg av og til saknar den lettliva bygginga av luftslott. Det har teke tid å innsjå at ubekymra rosa er minst like farleg som den beksvarte, men slik er det.

Og kvar er eg akkurat no? Vel, det var nok det som fekk meg til å skrive dette i første omgang. For akkurat no så sit eg i litt ubestemmeleg morgontåke, og ser lyset og fargane bryte igjennom rett over fjellet der borte. Ein vakker, håpefull, fargerik soloppgang ligg rett der framme. Og her sit eg og skammar meg over at eg ikkje heilt kjenner gleda over den, for den har ikkje rette rosafargen …

Men gleda kjem etter kvart, den og. :)

7
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Kvardag_eller_liknande, Sylja

22 comments


  1. Så bra skrive. Og så lett å forstå når du samanliknar med fargar. Det gjer også eg i nokre av mine blogginnlegg. Og desse fargane og nyansane gjer det spennande å leve. Stadig meir, faktisk, ettersom åra går og ein SER meir. Du treff veldig spikeren på hovudet her, syns eg. Styre unna der svarte alt ein kan. Og den “farlege” men deilige rosa.. Håpar dagane dine får vere eit velbalansert gladbilde med akkurat passeleg mengde kontrastar og spenningsmoment. Klem :-)





    • Takk :)

      Konstrastar og nyansar skapar spenningsmoment, ja. Det gjer det interessant å leve, men ein må passe på at det ikkje vert rotete og uoversiktleg. Det er vel den balansen som er den aller største utfordringa… 😉

      Klem :)





  2. Jeg kjenner meg igjen i noen av fargene, men har aldri latt dem styre livet mitt. Kanskje hjelper det at jeg har så mange farger rundt meg som jeg selv har skapt – i bildene? Har du tenkt på å styre fargedagene ved å la fargen manifestere seg på et ark? Da kan du styre hvor mørkt du tillater dagen å være?
    Slik du har det med fargedager har jeg noen ganger med musikk… noen ganger blir melodiene så pass klare at jeg får dem ut :-) Så ja, jeg skjønner deg.

    1





    • Eg har etter kvart fått fleire og fleire redskap eg kan prøve å bruke for å styre -og meistre fargane/dagane. Eg har tre lerret som no er tjukke, klumpete og BLYTUNGE etter at eg har mala ut frustrasjon og tungsinn, og mala over att med kvit grunning. Sletta dei, rett og slett. Andre gongar brukar eg musikk. Eg kan lage den sjøl, eller bruke ein bestemt sjanger musikk for å oppnå den sinnstemning eg vil ha. (eller få utløp for noko som ikkje bør samle seg opp…) I andre perioder skriv eg. Og noko av det finn vegen ut her på bloggen. Andre ting vert lagra til seinare bearbeiding, og svært mykje av det vert brent eller destruert på anna vis. *flirer*

      Men akkurat no så handlar det mykje om det å finne ut kor mange fargar ein kan blande før det vert grumsete … 😉





      • Haha, så like vi er 😀 Men jeg maler ikke over, for det som kommer ut kan alltids være til god nytte senere 😉 Akkurat som det som kommer ut via det skrevne ord.
        Noe sier meg at grumset i fargene dine ikke skyldes fargelære…





        • Hehe … det har nok ikkje med fargelære å gjere, nei. Det er meir det å finne ut kor mange fargar ein kan få plass til i gullramma utan at det vert rotete … 😉





  3. Interssant. Jeg tenker i noenlunde samme baner, før kunne jeg lukke øynene og se farger til musikken og så male. Nå for tiden ser jeg ingen farger desssverre og lerretet står klart og venter, men det blir ikke.
    energien er borte og jeg ser bare fram til en nevrolog skal finne ut HVOR det er feil med meg. Den svimlingen min tar nesten knekken på meg.
    Liker det du skriver.





    • Uff da! Det høyres ikkje godt ut. Får håpe du får svar på det -og får retta på det- snarast!

      Det kjekkaste i verda må vere når ein har både helse og inspirasjon, og rette musikken … får mana fram dei fargane og formene som ein kjenner stemmer, og greier å få dei på lerretet!

      (Problemet her er at eg ikkje alltid har så stor kontroll over farge og nyanse … og då er det ikkje alltid like enkelt å handtere. Eg har sagt det til enkelte ved eit par høve: “Hadde det vore berre å ta seg saman, så hadde eg såklart gjort det for lenge sidan!” 😉 )

      1





  4. Oh hvor den høres fristende ut, den lyse rosa fargen. Bekymringsløs, ledig og luftig, fylt med skum og muligheter.
    Vondt å slippe tak i slikt. Vanskelig å forestille seg at nettopp den følelsen kanskje ikke skal oppleves igjen.
    Men så et det det berømte hullet, det like ned. Det var gjemt der det også. Tungt og treigt. Vondt å finne veien ut av. En ser jo ingenting i det svarte.
    Når en endelig har klart å finne en vei ut, etter mye strev og jobbing, så ligger det sannelig en bunte med ubetalte regninger der. Uoppgjorte saker venter. Luftslottet skal betales.
    Er det rart det lyse rosa virker mer fristende? Er det rart å ønske seg der ingen bekymringer finnes?
    Nei.
    Ikke før en tenker på det svarte hullet og bunken “ubetalte regninger.”

    Om en ikke selv har fått kjenne den sterke tiltrekning den lyse rosa fargen har, så kan en like vel forstå bittelitt av den, ved å være nær en som virkelig ser det lyse rosa…og det helt svarte.





  5. Så godt formidla! Du skriver bra, og jeg blir grepet av det bildet du lager i hodet mitt.
    Klem fra Tamina





  6. Jeg har både rosa og sort i mitt fargeskrin, og liker det. Men de finnes bare i små og moderate mengder…. Og for mye rosa blir jo bare rett og slett kvalmt og kvelende.

    Godt beskrevet :)





    • Skulle faktisk ønske at eg kunne ha alle fargane der, og halde styring på dei. Men så må ein berre finne seg i at slik er det ikkje alltid. Men eg har det mykje betre utan svart og rosa. Eg må berre finne koblinga slik at følelsane og kroppen forstår det fornufta og haudet har bestemt… 😉





  7. Noen ganger kjennes det riktig å seile avsted på den rosa skyen, men alle vet at den går i oppløsning etterhvert. Jeg liker mange ganger de jevne grå dagene jeg, for de inneholder så mange blandede farger. Du skriver fint og får meg til å tenke. Ønsker deg en fin dag videre med de fargene som passer deg. 😀





  8. Pussig gjenkjennelse av noen tanker her i dag,
    for igår kikket jeg på den grå himmelen og tenkte at den igrunnen aldri er helt grå. Som i dag også, det er all verdens nyanser av grått, hvitt, og litt blått :)

    Ellers så tror jeg både på at det umulige er mulig, for det har jeg bevist,
    og grådager med litt motstand og langsomhet. Men jeg går ikke i svart for det, regner bare med at jeg trenger de grå dagene også :)

    Nyter dem igrunnen, leser og tar livet med ro, oppgavene rømmer ikke, de venter tålmodig på at jeg tar fatt. En dag. En regel har jeg dog, gjøre litt nyttig hver dag. Litt :)





  9. Litt nyttig kvar dag, det er ein grei regel å ha :)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *