Kongeriket av lyst og lengsel

Eg skriv då på norsk! Men før omsetting så heiter musikalen “Kingdom of Desire”. No fann eg endeleg ei lita stund til å fortelje kva eg har styra med sidan sist. Eg har vore litt engasjert her. Og det må seiast først som sist: Ærast dei som ærast skal. Eg kjem inn litt på sidelinja som elevassisten, men må då likevel vere der. Og då kan ein absolutt ikkje unngå å verte engasjert i alt saman.

Eg legg berre ut nokre linkar no. Stykket hadde premiere i går, og no skal eg straks avgarde til andre forestilling. I kveld køyrer dei to forestillingar så og sei på rappen. Og i morgon, då skal eg og Veslegull ha jentekveld og nyte forestillinga berre som publikum. Eg gledar meg stort, og oppfordrar dei som har sjansen til å huke tak i ein av dei yderst få billettane som er att.

Eg kan faktisk skimtast her og der på ein del bilete, men ein må vite at det er min lugg, mi jakke, min sekk, osv 😉

Enjoy! :)

 

Kingdom of Desire -Hovedside

 

Sunnmørsposten

MøreNytt

 

 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

4 comments


  1. avatar eMTe

    Hadde eg vore ung i dag trur eg at eg hadde valgt musikklinja på vidaregåande, eller gymnas som det heitte i hine hårde dager. Tenk å få oppleve å delta i slike forestillingar,heldige er dei. Må no vere ei finfin bieffekt for deg også av å vere assistent, å få med deg dette.Har no forstått at du er glad i sang og musikk :)

    Her er meir dronningrike av lyst og lengsel *ler*





    • Eg hadde nok også valgt den linja om eg fekk velge oppatt … men no har eg no vore innom musikklinja på høgskulen for nokre år sidan .. 😉

      Klart at eg kosar meg på jobb. Det å puste i denne energien, dette mylderet, det gjev meir energi til meg sjølv også. Og det å kunne la seg imponere, og det å verte rørt av alle prestasjonane … Ubetalelig. Rett og slett. :)





  2. Så morsomt. Flott jobba! Kos deg masse som publikum :)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *