“Hver gang vi møtes har vi det bra”

Ja, han sang så, den godaste Halvdan Sivertsen. Gjerne i lag med Gitarkameratene. Eg er så utruleg heldig å ha nokre slike eg og. Folk som eg kanskje ikkje har kontakt med på  det jamne, men som eg veit er der om det skulle vere noko. Og når vi endeleg treffast, så er som om vi såg kvarandre i går. Tonen og kontakta er den same, uansett kor lang tid det har gått. Men dette er enkeltmenneske, ikkje grupper.

Av ulike grunnar har eg aldri vore glad i større reunions. Det har kanskje vore mest meg og mi kjensle av å framleis vere utanfor, at eg har vore redd for å få stadfesta det eg trudde -at eg framleis står utanfor. Det er slikt som sit i kroppen, uansett kor mykje fornufta har jobba med å snu tankegangen. Men eg kjenner at det ikkje gjer så mykje, så lenge eg får lov til å halde meg unna desse samlingane der “alle” skal fortelje kor mykje dei har oppnådd, og kor vellukka dei er. Det var i alle fall slik den kvelden fortona seg, den eine gongen eg faktisk reiste på ei slik samling.

Men denne gongen var det heilt annaleis. Og eg vart overraska. Eg likar jo ikkje slikt! Det er klart at eg har tenkt på dette samfunnet, dette samhaldet, denne velsigna fristaden på nett der ein kan både kan gi og få støtte, ein kan le -og gråte saman, ein kan la seg røre eller provosere av tekstar, både sjølvopplevde og fiktive. Denne gleda fann eg att då eg oppdaga denne staden, og fann att fleire av dei eg kjende frå før. Men så hande det så mykje, så mykje som handlar om andre og, så mykje eg ikkje hverken kan eller vil publisere. Og då vart det stille herfrå. Eg heldt fb-kontakt med nokre yderst få som eg hadde funne tilfeldig, og nøgde meg med å tenke på dei andre no og då.

Men så dukka det opp ein invitasjon på fb. Og eg vart så glad! Heilt umiddelbart kjende eg gleda og iveren over å “treffast” på nett att. Det seiest at ein ikkje veit kva ein har før det er borte. Men denne gongen sat erkjenninga endå lenger inne. Det var faktisk same kjensla som ein av og til får når ein går så lenge utan mat at ein ikkje kjenner seg svolten lenger. Det er først når ein byrjar ete igjen at ein kjenner kor svolten ein faktisk var!

Denne gongen kjenner eg gleda over gjensynet. Eg kjenner at det var ein stad der eg og hadde ein plass. Og eg kjenner gleda og varmen over kvart kjent nick som dukkar opp. Og eg kjenner at eg gler meg til å finne ut kva som har hendt sidan sist, både hos dei som har blogga heile tida, og hos dei som tek opp att blogginga no. -Og kven veit -kanskje det kan droppast ein kommentar eller to inne på reunion og?

2
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

34 comments


  1. Fine ord og tanker Sylja. Og jeg håper de blir oppfylt :-)





  2. avatar eMTe

    Eg har nokre slike eg også Sylja, menneske som eg treff med jevne eller ujevne mellomrom og som eg kjenner er “mine” og tonen og kontakten er der sjølv om det kan ta tid mellom gongar vi treffest. Godt med dei venner som er der og tek kontakt i kvardagen også :)

    Så er det også fint med menneske ein treff her inne. Fint å sjå deg att.
    Marieklem





    • Så kjekt å sjå att deg og, Marie :)

      -Har eg forresten fortalt deg at eg er oppattkalla etter to flotte damer som begge heitte Marie?





      • avatar eMTe

        Nei, det har du ikkje fortalt :)
        Eg har teke navnet Marie som mitt eige. Det var Deathdealer som i ein kommentar på gamle vgblogg sa at eg hadde noko Marie Takvams over meg i eit svar til henne eingong tidleg i leksa i mi vandring i den virituelle verda. Då hadde eg kommentert som Anonym lenge. Så tok eg initialane MT, Det vart for distansert etter kvart, så då vart det at eg “lånte” Marie og det er meg

        1





  3. Den følelsen var helt fantastisk 😀 Mange ganger har jeg tenkt på vgb og savnet samholdet, snakket varmt om det til alle og prøvd å få utenforstående til å forstå gleden av å være en del av det. Men…jeg hadde glemt HVOR glad jeg var i det og dere! Jeg klarte ikke gå ut av gruppe, bare smilte og smilte og ble helt snufsete…

    Derfor er jeg så glad for at så mange fant veien inn hit – jeg håper alle vil trives like godt som meg og bli her leeeenge ♥

    *smileklem*

    1





  4. Så herlig. Det føles så godt å “se” alle sammen igjen. Herlig å lese din nynorsk og smile over minner vi har sammen. Lenge siden du var her, så velkommen tilbake. De siste dagene har vært fine både her og på fb, og hjelp så mye tid jeg har brukt på nett, enda jeg ikke har tid!!!! Ønsker deg en glad kveld og så tastes vi! :)





    • Hei du 😀

      Nynorsken er nok den same, ja. Eller … det kan faktisk hende at eg har klussa til skriftspråket mitt litt med fjaseboka og akademisk skriving. Men det kjem nok att med litt vedlikehald 😉

      -Og tid, ja … det gjekk mykje tid her i går. Og i dag. Det er ikkje berre-berre å gjere ferdig oppgåva si når ein samstundes skal få med seg -og gjerne kommentere det som hender på fb og blogg! ;D





  5. avatar eMTe

    til:jadajada
    heisann jada, eg har nemnt det f;r , b[de p[ blogg og bakp[ i mail eingong. eg er meg uansett. fint [ sj[ deg att. kr;ll p[ tastaturet her





  6. Akkurat sånn er det!!

    Og jeg forsøkte før å forklare at det var forskjell på oss bloggere og sånne andre bloggere. Ingen skjønte bæra… Så dette er lykke!

    1





  7. Så utrolig å åpne bloghog og se alle de nyegamle!
    Får ikke vært rundt til alle i dag men det gleder meg å se deg :)





  8. Aaah, det var akkurat sånn det var- og ER! :)





  9. Ja, dette var en reunion av den gledelige sorten, helt klart. Kjenner igjen den følelsen av ikke å like å dra på slike reunion-happeninger generelt, så som russejubileum etc. Orker det ikke, av noen av de samme grunnene som du nevner her. Og ellers har man hatt en bloggepause selv også. Har liksom ikke hatt noe å meddele, alt har vært rutiner og grå hverdag. Men nå føler man at inspirasjonen er på vei tilbake. Ellers veldig hyggelig å se at flere gamle vgb’ere våkner opp på samme måte. God helg videre.

    1





  10. *smiiiiiler*
    Hei Sylja! 😉





  11. Sylja, så fint å “se” deg! Du skriver så nydelig og varmt :) Sånn følelse fikk jeg også da denne gruppen dukket opp på fb – det kribler i kroppen :)





    • Mokkaen, så kjekt :)
      Det vert faktisk vanskeleg å få sove i natt, trur eg … nyfiken på kva andre skriv, og med long lost kløe i tastaturet … det lovar ikkje bra! *flire*





  12. :-) Så fint skrevet!





  13. ¤lete..lete..lete… ¤ Jeg fant deg til slutt! :) Gullegodt!





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *