Frå såkalla stabilt sideleie …

Før du evt held fram med å lese her, så vil eg du skal vite at eg ikkje er aleine i huset i kveld. Eg har ikkje tenkt å “gjere noko dumt” på nokon måte (anna enn å utlevere meg her), eg har det berre litt vondt, og treng  å sortere nokre tankar … få dei ut av hovudet ei lita stund … 

Det har gått så fint, seier dei. Eg har vore så flink! Eg har vore “ganske stabil” i eit par år no. Ganske. Det høyres flott ut, og dei som ikkje ser meg når eg prøver å gøyme meg unna, dei ser ut til å tru at eg snart kan reknast som “frisk”. Og på enkelte område er det kanskje sant. På andre område må eg berre innsjå at det kanskje aldri vil verte slik som eg ønska. Det har eg teke konsekvensen av. Eg veit at eg har gjort det einaste rette … men … det kjennest ikkje slik når mørkret kjem og alt vert stille …

Eg veit eg ikkje skal bry meg, eg veit at eg ikkje skal ta innover meg at andre kjem til å ha meiningar om meg og mine. Eg veit at eg har gjort det rette. Det berre kjennest ikkje slik heile tida. Eg kjenner at eg vegrar meg litt for å møte folk no. Vert usikker fordi eg ikkje veit kven som veit, kva dei veit, kva dei trur … Det burde uansett ikkje plage meg, men det gjer det likevel.

Og alt dreier seg sjølvsagt om dei små. Veslegull og Pjokken. Sidan dei var ganske små har dei budd hos far sin, men no kan dei ikkje det lenger. Og eg måtte gå i meg sjølv og erkjenne at dei faktisk ikkje bør bu hos meg -sjølv kor gjerne eg vil akkurat det.

Eg har vore såkalla stabil lenge. Utad. Med “stabil” meiner dei at eg møter opp på tiltak/utdanning 3-4 gongar i veka, og gjer det eg skal der -med glans. Eg har fått berre gode ord og tilbakemeldingar på arbeidet mitt. Og eg fekk toppkarakter på eksamensmappa mi. Og det er eg stolt av! Men dei ser meg ikkje når eg nesten hyperventilerar og er på gråten fordi eg må ta den overfylte bussen om morgonen. Dei ser meg ikkje når eg kjem heim etter ein slik dag og er så sliten at eg ikkje eingong orkar å koke meg kaffi. Eg må berre ligge i fosterstilling eit par timar … Men den store endringa frå tidlegare, det er at eg ikkje går i kjellaren og lar kjellarlemmen smekke meg i bakhovudet. Eg greier faktisk (med litt kjemisk hjelp) å svelge tårene og komme meg ut den døra når eg må neste gong. Og slik kan eg vere “stabil” framover, berre eg får ha desse små knekkane og har tid til å ta meg inn før neste runde.

Men det seier seg sjølv at eg ikkje kan ha ansvaret aleine for to born når det er slik. Born skal ikkje vekse opp slik når det finnast gode alternativ. Og vi har det aller beste – vi har godkjent fosterheim i familien. Så Veslegull og Pjokken flyttar no til Bror og Svigerinne -og Banden. I dagslys kjennest det trygt, godt, og heilt riktig. Der kan dei ha ein roleg, stabil kvardag og ta med vener heim utan å vere bekymra for kass form Mamma måtte vere i den dagen. Dei får også eigne rom, og heilt andre stimuli i kvardag og ferie enn det eg har sjansen til å gje dei. Og eg kan vere utkvilt og forberedt og frisk dei dagane dei er hos meg. Då slepp eg også å tenke på alt dei måtte gå glipp av på grunn av helsa mi og den manglande økonomien -som ikkje kjem til å verte betre med det første …

Jula i år var spesiell. Ikkje noko vart som planlagt, men det vart faktisk ei overraskande fin julaft. Vi var så mange samla, det var nesten som før i tida på den gamle slektsgarden … berre at garden er seld for lenge sidan, og dette var Bror sitt hus ein heilt annan stad. Men det var godt å kome dit. Eg grudde meg fælt .. trudde det skulle verte berre vondt … men det vart bra. Borna har vore der eit par dagar, og dei kjenner huset og folket så godt at dei har slått seg til ro der allereie. Dei syns det er både kjekt å spennande å skulle få bu hos Tante og Onkel, og søskenbarna deira har teke det heile med stor jubel. Dei to yngste der i huset hadde til og med kjøpt ekstra julegåver til Veslegull og Pjokken av eigne pengar fordi dei var så glade!

Det er klart at det kan kome tunga dagar for borna og. Men det vil nok gå seg til. Og det vil gå seg til her hos meg og. Eg skal ut og sjå verda i kvitauget att. Snart. Eg må berre fortelje meg sjølv nokre gongar til at eg har gjort det rette. Det skal eg fortelje meg sjølv heilt til eg kan sei det uten å gråte …

Eg hadde aldri trudd at det kunne kjennest så grusomt å gjere det einaste rette … Men eg skal gå frå såkalla stabilt sideleie til fosterstilling eit par runder til. Så skal eg på beina att. Denne gongen og.

15
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

31 comments


  1. Kjære du…..
    Det står stor respekt og styrke av valget ditt. Å sette barna først.
    Klem, heier på deg.





  2. Fineste.. Det du gjør er det ikke mange som har krefter til.. Det største kjærlighet av alt er det du gir dine barn nå.. Ja det er vondt, men.. Ikke alle har den kraften, og kjærligheten, de fleste tenker på seg selv, men du setter barna fremst. Vær stolt av det, og gå med løftet hodet, det har du all grunn til.

    God varm klemm





    • Takk :)
      Det er no ein gong slik at barna er det kjæraste ein har .. og kanskje det vanskelegaste å gje slepp på … Men enkelte gongar er det faktisk det einaste rette. (og no er det dagslys, så då trur eg på meg sjøl littegranne..) 😉

      *klemmetebake*





  3. Så modig og uselvisk valg du har tatt! Vær stolt av deg selv!
    Tenker også at sykdom enten den er fysisk eller psykisk krever mye av oss,
    at vi må akseptere vår normalitet (innafor hva vi makter)aller først.
    Fortsatt god romjul til deg! :)





    • Takk :) Eg veit at eg bør vere stolt og kjenne meg modig … det er berre ikkje så lett å bestemme seg for det heile tida.. 😉

      Fortsatt god jul til deg og :)





  4. Morskjærlighet er å sette barnas behov først :-) Som du skriver; når ungene dine er hos Bror til daglig, kan du være opplagt og en god mamma de gangene Veslegull og Pjokken er hos deg 😀
    Ønsker deg og familien din en fortsatt fin jul og et godt nytt år :-)





    • Ja, det vert lettare å “halde seg i god stand” til å ha besøk når ein slepp å bruke så mykje krefter på å bekymre seg over at ungane ikkje får den stimuli og omsorg dei har krav på til kvardags … og så vert det vel lettare å hanskast med både Mørkemannen og Katastrofetenkaren … 😉

      Vidare god jul, og godt nytt år :)

      1





  5. avatar eMTe

    Vi alle, tenkjer eg, lurer sånn innimellom på kva andre tenkjer og meiner om oss, kanskje spesielt når vi ikkje er heilt der vi ynskjer vere og leitar etter kvar sjølvtillita har tatt vegen.Nokre gongar vert valg tatt for oss, andre gongar kan vi sjølve vere med å setje retning og mål,og så går vi vidare i takt og utakt med oss sjølve og dei vi har rundt oss.Livets dans.
    Sylja,slik eg forstår det utifrå orda dine her, så er barna dine er heldige som får være nært deg vidare, i ein heim som har ynskt dei varmt velkomne og som no kan gi dei stabilitet og ei trygg plattform.
    Lukke til på vegen vidare.

    Marieklem

    3





    • Du skriver egentlig alt det jeg tenkte :-)

      1





    • Ja. vi er faktisk heldige, både eg og barna. Dette valget tok eg faktisk sjølv, med fingeren godt planta i jorda og eit blaff av gjennomtenkt fornuft tilstades. Det gjer også at eg faktisk kan få vere med på konsertar med korps og musikkskule når mine skal opptre, og vi får vere med å feire nyttår og bursdagar og slikt. Og det er ikkje lange vegen, berre ein times tid med buss og ferge :)
      -Og det er famile, ungane er velkomne, og det er jammen eg som forelder (og tante) også :)

      *klemmetebake*





  6. Dette var fantastisk skrevet og så bunn ærlig at tårene triller, for det er nesten “nib historie”. Jeg synes det er fantastisk av deg å sette barnas behov foran alt , det er en virkelig god mamma den som gjør det.

    Det ER vanskelig og man vil så gjerne, men når man kjenner sine begrensninger klarer man å gjøre riktige valg. Det kommer en dag da barna blir store nok til å forstå og den dagen tror jeg den “dårlige samvittigheten” vi går å bærer på vil løsne opp å forsvinne.

    Føler så utrolig med deg i alle de vanskelige tankene og følelsene man går igjennom. Vær stolt av deg selv, du er en fantastisk mamma, sender deg en stor varm juleklem <3

    3





    • Takk :)

      Det er i grunnen litt rart at vi kjenner på dårleg samvit når ein heilt klart har gjort det beste for barna. Men eg hadde nok kjent på eit endå verre samvit om eg hadde teke ifrå ungane denne sjansen og visst at eg ikkje kan gje dei ein heilt stabil kvardag sjølv. Det er trass i alt lettare å hanskast med eit sårt mammahjerte enn eit barn som ikkje har ein så god oppvekst som mogleg …

      God klem tilbake :)





  7. avatar Hilde

    Det er en styrke tenker jeg, å se andres situasjon når en selv er i en vanskelig situasjon. Du har den styrken. Og barna dine vil en dag når de selv blir foreldre, skjønne akkurat hvor stor den styrken din er og har vært.

    Å være flink i andres øyne kan være veldig utmattende. Når tårene presser på i møte med en overfylt buss da er en overveldet. Vel, det er i det minste min erfaring. Overveldet av krav og over hva en føler en bør klare og hva en bør gjøre.

    Noen ganger er stabilt sideleie det eneste rette. Til pusten er i gjenge igjen og til kreftene kommer tilbake.

    Sender deg varme klemmer

    4





    • Takk :)

      ..det ordet der, ja … “BØR” … Det verste er at mange gongar er det ikkje krav frå omgivelsane som tek knekken på meg, men krav som eg sjølv har laga meg fordi _eg trur_ at omgivelsane meiner at eg bør … *ristelittpåhovudetavmegsjøl*
      -også er det den umulige _viljen_ som spelar meg eit puss av og til. Ein VIL så gjerne greie det som “alle andre” greier. Også gapar ein for høgt, og nektar å spytte ut … 😉 Men dette er saker ein får hjelp til å jobbe med undervegs. Heldigvis.

      *klemmetebake*

      2





  8. De andre har sagt hva jeg mener også. :) Dette blir bra for ungene, men også bra for deg. 😀 Ønsker dere lykke til og sender deg en varm klem :)

    1





  9. Modige, kloke du!
    Skulle hatt et lys her til deg, eller ei hand, eller noen kloke ord, men jeg finner de ikke i farten. Kjenner bare på at jeg er imponert over styrken du henter fram når svakheten er så overveldende.
    Sender deg en varm klem i desemberregnet (for her regner det)





    • Tamina, du og dei andre her inne, dokke ER lys, hender og kloke ord. Kanske ikkje fysisk, men så mykje meir betydningsfulle enn dokke kanskje trur sjølve… Tenk, når eg får ei slik natt igjen, så kan eg lese alle desse gode, kloke orda og varme meg på dei ..

      Det regnar her og. Men det passar eigentleg godt til humøret akkurat no .. 😉

      Klem :)





  10. Du! Du må ikke tvile en millimeter på det du har gjort. Det er kjempetøft, og om noen har noe i mot det så er det fordi de ikke kjenner deg godt nok. Noen folk er bare sånn. Når du har det sånn som du har det så må du gjøre det som er best både for deg selv og barna dine. Jeg tror du hadde blitt mer urolig selv også av å ha dem hos deg hele tiden. Jeg hadde i hvert fall blitt det (om jeg var i din situasjon altså). Man kan jo ikke styre formen sin helt uten videre. Mamma valgte en gang å ikke plassere meg bort for en periode fordi hun trodde det var best. Det var helt feil, selv om det gikk bra til slutt. Og så må du jo huske på at det ikke trenger å være permanent. Dessuten virker det som at barna dine har det bra, og om de spør en gang så vil de forstå. Det er jeg sikker på. Jeg skal krysse fingrene for at du får det bedre. Hver dag! :)
    Juleklem!





    • Veit du, eg tvilar eigentleg ikkje på at valget eg tok er rett. Eg er faktisk heilt sikker på det no. Det er nok berre mammahjertet som må få utløp for det som kjennest så vondt .. men som er rett likevel (sett med fornufta) …
      Om det blir permanent, det gjenstår å sjå. Eg belagar meg på det akkurat no, for ikkje å sleppe til tankar som hovudet mitt kan gjere om til falske forhåpningar og urealistiske krav til meg sjølv. Så får ein ta tida til hjelp og sjå om eg kan verte meir enn så “stabil” som eg er no .. 😉

      *klemmetebake* :)





  11. Det er en stor ting, å klare å sette dine barns behov foran dine egne synes jeg. Uselvisk og sterkt, en avgjørelse full av kjærlighet. Sylja, i mine øyne vitner det om klokskap og modighet. Det må du aldri tvile på! Mørket har en tendens til å lure seg inn å så tvil om alle mulige tanker og følelser en måtte ha, slik som mennesker som mener eller uttaler seg om forhold de ikke har greie på også kan gjøre. Forsøk å husk på at du har gjort en god ting for dine kjæreste ♥ Og som Cina sier, det trenger ikke være for alltid. En dag er du sterk nok til å slippe både fosterstilling og stabilt sideleie :-)

    Ønsker deg og dine fine lykke til og klemmer deg lenge og godt.





    • Ja, kanskje ein dag er fosterstilling “SÅ 2013”!! 😆
      -Det er lov å håpe. Eg _må_ ut og treffe folk etter kvart, og då skal eg vere trygg i meg sjølv. Og så skal eg gje blaffen i å forklare noko som helst til dei som berre er “feil menneske på feil plass til feil tid” -som spør og grev på butikken i staden for å stikke innom meg for ein kaffekopp eller to. 😉

      God klem :)





  12. Jeg blir så rørt av å lese din historie, det du gjør for barna dine er stort, det er å vise omtanke for barna, og du har gjort helt rett i denne saken.
    Dette blir så bra sylja,
    Heier på deg
    og sender deg gode tanker og en varm klem.
    Ønsker at det nye året blir godt for deg.





    • Ja, eg trur også det, at det blir bra -snart. 😉 Det vil gå seg til, mammahjertet vil følge med fornufta, og folk får ein anna nyhet å snakke om … :)

      God klem, og dei beste ønska for det nye året til deg :)





  13. Du er nok egentlig ganske så sterk du, bak det vanskelige. For det krever en sterk kvinne å gjøre det rette i en sånn situasjon. All kudos til deg for det!





    • Takk :) Kudos likar eg! 😉
      Det er vel ofte slik at det er lettare å vere sterk for barna enn for seg sjølv. Samme som at det er lettare å gjere “alt” for dei , kjøpe “alt” til dei, og tenke på dei først i alt og eitt. Naturleg, men likevel så vanskelig og vondt av og til …





  14. Sterkt og godt fortalt. Etter min mening er dette den beste gaven du kunne gitt disse barna, for da får de ta del i deg når du evner å gi, og ikke når du er i kjelleren. Stor respekt av det du har gjort, skulle ønske flere kunne se det du har sett.
    Bøyer meg erbødig for deg og ønsker deg alt godt i 2014





    • Takk :)
      Eg tenkjer det samme som du; at det er bedre både for meg og ungane at dei ser meg når eg er i god form. Så slepp både eg og dei å lide under det at dei “må” ta ansvar som dei ikkje skal ha, dekke over at mamma ikkje er heilt bra i perioder (for det gjer jo ofte barn i ein slik situasjon) ..

      Gode ønsker til deg for det nye året :)





      • Du er absolutt inne på en god tanke der, og det tror jeg at ungene dine vil takke deg for når de blir eldre og kan se ting i rett perspektiv. Håper de rundt deg også ser dette, og er der for deg og dine. Det står respekt av det du gjør. Skulle ønske flere tenkte slik.





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *