-Og det vart visst meir enn ei natt sidan sist. Godt år til alle
Det er litt rart korleis “alt” vart annaleis rundt nyttår denne gongen. Ein seier så ofte at ein skal gjere “alt” annaleis neste år. Ein kan seie kva ein vil om nyttårsføresett, (og det har eg verkeleg gjort), men svært mange greier faktisk det dei har sett seg føre. Eg trur at dette svært ofte gjeld menneske som hadde nådd målet uansett kass dato dei hadde bestemt seg for endringa, men der er som regel nokre som overraskar både seg sjølv og andre med å greie noko dei ikkje heilt trudde på sjølv. Også er det av og til ein ikkje heilt kan styre sjølv kva ein skal jobbe med etter nyttår.
Ja, eg veit. Eg hadde eit valg, og tok det som var best for ungane. Eg var i tvil for eit par månadar sidan, men Hr. Januar har overtydd meg om at det ikkje hadde kunna vore annaleis. Beinhardt å erkjenne, men det var naudsynt å ta knekken på illusjonen for at eg skulle kunne kome meg i kvardagsform att. Og tidspunktet kunne vel ikkje ha vore verre, i og med at eg vart ståande “på vent” mellom to behandlarar. Eg har slite ut ei fantastisk dame på psyk.pol. (Ikkje berre mi forteneste, ho nådde pensjonsalderen også -meinte ho på..). Den nye dama traff eg først i går. Eg gjorde sikkert eit retteleg flott førsteinntrykk med tett på to månader med oppdemma sjølvdestruktivitet … *humre* Ho verkar grei. Eg trur det vert greitt dette og, på sikt.
Det har ikkje vore mange gode kjensler i sving så langt dette året, men eg klarte då i alle fall å kose meg i lag med ungane og vere der for -og i lag – med dei den helga dei var her. Første samværshelga etter at dei flytta. Deilig å ha dei her att, men fullstendig utmattande. Eg trur eg brukte opp alle dei positive energiane mine på ei helg …
Men no er Hr. Januar straks på veg ut døra. Det er godt å vite at det er eit år til neste gong eg skal helse på han. Eg tek framleis ein dag i gongen, men har tenkt å prøve å snu tankegongen litt. I staden for “ei natt forbi” vi eg tenkje “ein ny dag gryr”. Eg har fått strekt beina, ligg ikkje i fosterstilling lenger. Eg har til og med beina ned. Så skal eg nok få hovudet opp etter kvart. 😉

Dette var jo et superflott innlegg. Her ble jeg oppmuntret. Likte det du skrev om å tenke at en ny dag gryr! Den skal jeg jammen bruke selv. Mye som skjer i løpet av et år, og så kommer det nye året da, med forventninger og forhåpninger. Godt nytt år til deg sier jeg. Måtte det bringe deg en haug med gledesstunder.
Nå kan vi glede oss til februar med lysere dager! 😆
Ja, no er det heldigvis straka vegen mot lysare tider! 😀
Det gjeld å tenke så positivt som mogleg. Ikkje alltid enkelt, ikkje alltid råd å greie det i lengda, men desto viktigare å prøve. Heile tida. 😉
Eg kjenner deg Sylja. Lenge sidan eg har lest deg og ei stund sidan vi har sett kvarandre. Du er ei fantastisk dame. Elskar å vere i ditt nærver. Du er tøff som deler, eg visste ikkje om alt dette vanskelege. Er sikker på at du gjer det som blir rettast og best for dåkke. Det er hardt å svelgje at ein har ei helse sombegrenser. Og tek frå ein friheita til å gjere det ein vil og ønskjer. Men holdt hovudet heva og vit med deg sjølv at dine valg er gjort i kjærleik til borna. Stor klem. <3
*Humre*
Det at du ikkje visste, det kan tyde eitt av to. Anten så har bygda slutta å snakke om kva andre gjer -og ikkje gjer … Eller så er du som meg: Du får ikkje vite så mykje av det som vert snakka om. (Meg lærte dei å unngå for maaaange år sidan, for eg øydelegg visst all moroa med ei god historie når eg snakkar med den det gjeld for å få bekrefta/avkrefta påstandar …) 😉
Takk for gode ord. Vi skulle vel forresten hatt oss ein kaffe eller to snart. Det er ALT for lenge sidan sist.
Klem
Eg visste noko, men ikkje det aller siste.
Gjerne kaffi!!! Vi meldast. <3 <3
Mørketiden er i ferd med å bli fortrengt av lysere tider og varme – det er det viktigste ved å se fram til påsken for min del, ikke den religiøse høytiden men et avbrekk som markerer at vi overvant mørketiden og kulda enda en gang
Noen valg – om enn motvillige og i feil favør – er man nødt til å ta i livet… hovedsaken er kanskje å se livet som en helhet og ikke i månedsvis eller årsvis…?
Tja .. kanskje det? Eg har også påska som første delmål no. Også spelar eg Fogerty sin “Long As I Can See The Light” _minst_ ein gong om dagen. God medisin akkurat no. 😉
Bare innom for å gi deg et aldri lite kryss i taket!
X
…Og en klem
😀
Takk, det vert sett pris på
Klemmetebake
Så deilig å lese at du er positiv, at du skal klare dette 😀 Ønsker deg så inderlig vel at du fortsetter å være med strake bein og ikkje i fosterstilling!
God vår til deg 😀
Så deilig å lese at du er positiv, at du skal klare dette 😀 Ønsker deg så inderlig vel at du fortsetter å være med strake bein og ikkje i fosterstilling!
God vår til deg 😀
Beklager dobbel posting 😀
Hei
Dobbel posting går heilt fint når det er så fine kommentarar! 😆
Takkar for omtanken. Eg går og “emnar” på ei oppdatering, i mellomtida kan eg betrygge deg med at det absolutt går framover