Så lite, men så stort :)

Då har eg altså opplevd det og; eg har vanskeleg for  finne ei overskrift. Og eg har så mykje eg vil formidle, men finn ikkje heilt rette enden å starte i, eller rette orda. Eg får seie som eg plar når det går over stokk og stein: Eg pratar i bøtte, så får du sortere sjølv! 😉

Det er allereie laaaangt utpå sommaren for min del. Slik sett er det ganske greitt å vere student. Tenk, eg er framleis student. Trass i tvil og dystre spådomar frå lege og Nav, så har eg gjennomført eit år på skule. Rettnok “berre” eit fag per semester, men eg har gjennomført. Og stått med glans. Og komt inn på dei to faga eg har lyst å ta til hausten att. Så det så! 😀

Men eg skal gjerne innrømme at det ikkje hadde gått utan medisin, terapi -og ikkje minst VENNER! I eksamensperioda vart eg så ivrig på øvinga at eg ikkje hadde tid -eller trong- til  å ete eller sove. Godt at det var fleire som heldt eit auge med meg -sjølv om eg meinte at eg hadde stolpekontroll på eigen hand. Jadda …   Men for aller første gong har eg vorte medisinert ned før eg har slite meg heilt ut og gått rett på veggen. Og sjølv om eg var aldri så sur og misfornøgd då dei øydela den fantastiske oppturen, så er det deilig no -å faktisk ha krefter att til å nyte livet.

Eg har gjenoppdaga mitt ferieparadis. Vi har ei lita hytte på fjellet. Ei sånn “ekte” hytte frå tidleg 60-tal. Eit lite rom med bord og fire stolar, vedomn, parafinlampe, to køyar og ein brisk -alt i samme rom. Vatn hentar vi i elva, og utedoen er like gamal som hytta. Straum og mobildekning kan ein berre drøyme om. For fire år sidan var det nesten utenkjeleg at eg skulle kome meg opp dit att for eiga maskin. For to år sidan stabba eg meg opp i lag med Prinsessa, då var det 13 år sidan sist eg hadde vore der.  Det vart dessverre med den eine turen det året. Kroppen var litt for vond etterpå, og eg torde ikkje gå opp dit aleine i den forma eg var i då. Det torde eg ikkje i fjord heller, men i år har eg vore der to gongar allereie. Først aleine, rett etter eksamen, berre for å puste litt friare og gire ned utan anna stimuli enn nrk1-radio og elvesus. Og i forrige veke hadde eg med meg Veslegull og Pjokken opp dit. Vi kosa oss, spelte spel, gjekk turar … og eg må innrømme at eg er stolt over meg sjølv og den ferien eg har fått gjennomført i lag med dei minste i år. Og rørt over deira begeistring for hytta og dalen som eg er så glad i!

Kvanndalen 2014 001

 

-Det høyrer sjølvsagt med til historia at einaste gongen eg hugsa på fotoapparatet, det var den turen då det var overskya. Ellers hadde vi strålande sol og sydenvarme! (Men eg har heldigvis nokre fine bilete på mobilen også.)

Og no skal eg berre slappe av og kose meg fram til skulestart att. Malakoff, hytta, besøke pappa, bruke heile hagen til soling og grilling medan husverten er på ferie …  enkle gleder, men stort likevel 😉

(Og DER ramla overskrifta inn!)

Framleis god sommar til deg :)

 

4
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

8 comments


  1. avatar Eva

    <3





  2. Det høres ut som en herlig pararis av et hyttested du har :) Rekreasjon for sjela, noe alle trenger innimellom.

    1





    • Ja, det er _mitt_ paradis, i alle fall. Og hytta heiter faktisk “Sælebota”, eg meiner på at det var ei av søstrene til farmor som døypte den 😀





      • Å, det var et fint navn på ei hytte som jeg nettopp har vært i, her hos deg. Kjenner nesten den svale brisen fra fjellet her jeg sitter og koker i heten.





        • Ja, ikkje sant? I skrivande stund sit eg berre å ventar på kveldsbrisen slik at eg skal orke å gå ut dit. Det er deilig med varme dagar, men for meg vert det for varmt til å gå på fjellet midt på dag 😉





  3. God lesing.
    særlig for meg som selv er syk
    av andre grunner enn dine, men aligavel som vi sier her
    Ga håp.
    takk :)





    • Takk, lisens :)
      Eg håpar du vert betre fort! (men som regel må ein ta tida til hjelp, uansett kor lei og utålmodig ein kan verte av det..)
      Samstundes er det godt å høyre at ein kan vere med å gi litt håp til nokon :)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *