Ei reise på fire månadar og eit heilt liv

Eit heilt år er gått sidan eg sist skreiv her. Eg har kome meg igjennom endå eit år som student, og kjenner at mykje av det eg har lyst til å dele er allereie skrive i det personlege essayet som vart levert i lag med komposisjon til eksamen i vår -så i staden for å forklare rundt alt, så legg eg den her for dei som vil lese  :)

Å meistre meir gjennom musikk

Ei reise på fire månadar og eit heilt liv

 

 

Mestring, begrep brukt i psykologi om en persons evne til å håndtere livshendelser, situasjoner og påkjenninger som overstiger det som kan klares på ren rutine. Mestringsevnen henger nært sammen med evnen til teoretisk og emosjonell problemløsning generelt, og er delvis genetisk bestemt. Men mestring kan i stor grad læres gjennom teori, og ikke minst gjennom erfaring (øvelser).
[ CITATION Mal09 \l 1044 ]

Val og meinig

 

På eit eller anna tidspunk vil vi alle treffe på utfordringar. Å lære seg å meistre ulike utfordringar er ein livslang, ustanseleg prosess. Kva som vert rekna som utfordringar, og kor store desse vert vurderte til å vere, er likevel ulikt frå person til person. For nokon kan det enkelte dagar vere ei nesten uoverkomeleg oppgåve berre å stå opp, dusje og kle på seg. Den psykiske barrieren kan verte så massiv at den fører til fysiske smerter og total handlingslamming. Ein maktar nesten ikkje å tenkje på verken mat eller arbeidsoppgåver. På slike dagar er det svært vanskeleg å tenkje så konstruktivt at ein greier å gjere noko aktivt for å lette situasjonen. Absolutt alt kan verte kategorisert som uoverkomeleg. Men erfaringa mi tilseier at grunnlaget for ein meir positiv tankegang og vidare meistring kan leggjast likevel.

 

Viktor Frankl fortel om menneske i konsentrasjonsleirar og fangenskap, utsette for ekstreme tilhøve og umenneskelege situasjonar. Han såg at sjølv under slikt press, så har kvart menneske eit val. Ein kan bukke under, gje seg over, og velje å vere eit offer for omstende, eller ein kan halde fast på sin indre fridom; den kan ikkje frarøvast. Den gjev i seg sjølv ei meining, noko å halde fast ved. (2006)

 

Vår kvardag her i vestlege land tilsvarar ikkje noko som minner om dei tilstandane Frankl tek for seg i sine studie. Likevel kan ein lære av dette. Det viser til tenkjemåtar ein kan nytte når livet vert vanskeleg. Om ein greier å samle tankane om vala ein har, så er prosessen allereie i gang. Når ein vert i stand til det, kan ein velje å stå opp og kle seg. Ein kan velje å ete frukost. Ein kan velje at ein skal prøve å utføre så mange av dagens oppgåver som ein greier. Det er likevel viktig å hugse på at ein vel seg realistiske mål. Ta steg for steg, ikkje gå for fort fram. Kjenne at ein meistrar, og vite at det er lov til å kvile når ein treng det.

Vi tenkjer ofte ikkje over vala vi gjer. Vi tenkjer kanskje ikkje på at det er val i det heile. Det går ubevisst, intuitivt. Kvardagslege gjeremål vert lært, innlært og automatiserte. Vi tenkjer ikkje på korleis vi dreg på oss buksa om morgonen før det brått kjem ein dag der ein ikkje greier det slik ein har gjort før. Slik er det med alt det fysiske. Og slik er det med tankane våre og. Vi lærer oss å takle ulike situasjonar og kjensler, og det går nesten automatisk, heilt til automatikken brått ikkje strekk til. Då må ein lære seg andre måtar å tenkje på, slik at ein kjem vidare. Då er ein og meir bevisst på korleis ein tenkjer når det kjem ei ny utfordring.

 

Val, konsekvens og tilgjeving

 

Alt i alt kan ein seie at heile livet består av det å ta avgjersler, heilt frå dei små, kvardagslege og til dei store, livsomveltande hendingane. Og kvart val har konsekvens. Det vil leie til noko anna, anten positivt eller negativt. Ikkje alle val er enkle sjølv om det kan høyrast enkelt nok ut. Kor enkelt er det å velje å vere lukkeleg? Kan ein i det heile velje akkurat det? Kan ein velje å vere takksam og nøgd i staden for å jage etter uoppnåelege mål om perfeksjon? Ja, eg trur det. Og eg prøver å gjere det. Det er ikkje alltid like lett, men konsekvensen av dette valet er så bra for meg –og for dei rundt meg.

Men av og til kjem vi bort i konsekvensar som vert heilt uventa i forhold til handlinga vår. Nokre gongar må vi leggje oss flate og be om orsaking, og kjenne på at vi burde ha visst betre eller undersøkt meir på førehand. Andre gongar hender det noko undervegs som ingen kan til. Og ein sjeldan gong kan negative konsekvensar vert så alvorlege at dei kan vere vanskeleg å leve med, spesielt om det har gått ut over nokon andre.

Eg har inntrykk av at vi generelt sett er flinke til å tilgje kvarandre. Enkelte ting sit djupare i enn andre, men vi tilgjev den som ber om orsaking, og jobbar oftast vidare i det stille for at nag og vonde kjensler skal sleppe taket. Det er vanskelegare å tilgje seg sjølv. Det har i alle fall eg opplevd mange gongar. Men ved å nytte nokre av perspektivflyttingsøvingane ( Åm, s.a.), så har eg funne noko som fungerer for meg. I øving C skal ein sjå for seg andre og kjenne på kjærleiken, og vere open og nøyaktig –også om negative kjensler. Så takkar ein for det som er godt, og gjev slepp på det som var vondt. Denne har eg rett og slett utvida slik at eg ser meg sjølv, og pratar til meg sjølv. Slik vart det og lettare å sleppe taket i bitre og vonde tankar som heldt meg tilbake, og ikkje minst å kjenne på sin eigen kjærleik.

 

Å lære av feilgrep

 

Like sikkert som at vi må gjere val i livet, er det at vi kjem til å gjere dårlege val no og då. Ikkje alle med like fatale utfall, heldigvis, men dei vil ha meir eller mindre konsekvens. Men kan ein nytte desse feilgrepa til noko?

 

Eg likar å ha eit prøvande forhold til kunsten der ein inkluderar feilgrepa som aktiv del av den kreative prosessen.
(Aamås, 2009)

 

Aamås fortel at ho nyttar feilgrepa i kunstverket. Ho byggjer rundt dei, og let dei stå som ein del av det ferdige produktet. «Akkurat som bileta til Aamås, så er eg eit heilt produkt, samansett av feilsteg, kvardag og gode valg. Alle desse har vore med på å forme meg til den eg er.» (Vidnes, 2015) Det har teke tid, men eg ser at eg treng ikkje skjemmast fordi eg har trakka feil no og då. Det er likt for alle, og så lenge ein har gjort det ein kan for å ordne opp det som må ordnast opp, så må det vere greitt. Då kan ein slutte å skjemmast over den ein var og det ein har gjort, og heller vere stolt av den ein er og det ein får til i dag. Det har og vore ein lang prosess å tillate meg sjølv å ikkje greie absolutt alt slik som andre. Eg har vore nøydd til å lære meg å skilje mellom begrensingar og feilsteg. Om ein skal sjå alt ein ikkje greier som feilsteg, så vert kvardagen fort uoverkomeleg. Du får ein vev av konstruerte «feilsteg» som held deg fast, og til meir du kavar, til meir strammar det seg til. Inspirert av Aamås og det eg elles har lese i løpet av dette semesteret, har eg laga mitt eige «mantra» som eg nyttar når eg kjenner at eg konstruerer nye feilsteg; Husk at begrensinga berre er der. Det er ikkje feil å ikkje greie, det er berre feil å ikkje prøve!

 

Feilsteg vil som regel sette spor på eit eller anna vis. Om du har eit teikneark, og knurvar det saman ved eit mistak, så kan du rette det ut att – men spora etter medfarten vil framleis vere der. Ein får ikkje glatta det fullstendig ut. Likevel kan arket brukast. Om ein legg på fargar og strekar, vil ein få effektar som eit blankt og slett ark ikkje har. Begge delar kan vere vakkert, men på kvar sin måte. Slik kan vi også lære oss å bygge vidare på feilsteg, slik som Aasen gjer det. La det stå, la det bli ein del av heilheita. (Vidnes, 2015)

 

 

Korleis nytte kunnskapen?

Eg har byrja på denne oppgåva nøyaktig 29 gongar før. Eg har vinkla og lese, tenkt og formulert, og stått fast etter nokre linjer eller eit avsnitt. Så kom eg til at eg skulle sjå over mine eigne refleksjonsnotat frå dette semesteret ein gong til, og lese med ope sinn kva eg hadde skrive der. Og brått slo det meg; i min iver etter å skrive ei flott og original oppgåve, og i redsel for å feile i dette, så har eg gjort nøyaktig det som vert skildra i øvingane til Green, Barry & Galway, W. Timothy, (1986) som omhandlar det å prøve for hardt.

Ein bør sjølvsagt følgje rådet deira om å utføre bevisst i staden for å tenkje på kor vanskeleg oppgåva er. Det er berre ikkje så enkelt å gjere det sånn utan vidare. Men når ein ser tilbake på dette semesteret, så har vi fått fleire reiskap til å meistre nettopp dette –servert på sølvfat. Men for å skrive bevisst og ikkje prøve for hardt, så må ein greie å slappe av. Senke skuldrane og puste rett. Her kjem seminaret med Ruth Wilhelmine Meyer til sin rett. Eg innsåg brått kva eg hadde lært denne dagen, og utførte øvingane fysisk. Eg stod på golvet og prøvde å høyre stemma hennar som instruerte. Spende musklar og slappa av igjen. Kjende på pusten og haldninga. Strekte halebeinet og brukte stemma mi i riktig retning for meg. Kjende at stemma var berande og stødig, at eg var effektiv og nytta berre dei musklane eg skulle for at lyden skulle ha plass og trykk.

Når ein har fått samla kroppen og fått retning på stemma, er det faktisk mogleg å få samla hovudet og få retning på tankane og. Eg trengde litt meir hjelp, og nytta avspenningsøvingane og øving i perspektivflytting (Åm, s.a.) frå kompendiet. Eg kjende til slutt at eg var roleg, fri og konsentrert, og kunne sette meg ned for å skrive. Eg kjente ikkje lenger på frykta for å skrive om feil tema eller ordleggje meg dårleg. Alle tankar var aksepterte og velkomne, for no var dei fri, men likevel samla.

Det slår meg at dette er ein framgangsmåte eg kan nytte til nesten kva som helst. Uansett oppgåve i livet, om det er oppgåveskriving eller ein presentasjon, praktiske oppgåver som verkar uoverkomelege, eller til og med kaotiske tankar, så kan ein nytte dette. Det vil nok ta tid i byrjinga, men det vil verte lettare å ty til for kvar gong. eg har til hensikt å nytte dette bevisst så lenge at det nesten vert ei ubevisst handling.

 

Intuisjon og improvisasjon

 

Vi nyttar intuisjon kvar dag i større eller mindre grad. Vi tek hurtige avgjerdsler på kva som skal seiast eller gjerast. Nyttar refleksar, instinkt og intuisjon. I Løseth sitt essay «Summen av øyeblikk» fann eg dette sitatet: «Det finnes for eksempel en stor grad av improvisasjon i det å snakke sammen. De fleste av oss planlegger ikke samtaler ord for ord. Vi leverer ut en melding/impuls, får en respons på denne, og responderer så tilbake.» (Johansen: Dillan 204:165)

Vi gjer det same når vi improviserer med instrument. Vi lyttar, svarar, tolkar og uttrykkjer kjensler og stemningar der og då. Det er ikkje gitt på førehand kva som vert utfallet. Når ein kjenner seg trygg og fri i gruppa som ein samhandlar med, er det lett å kjenne på aksept, kjenne sin plass, gje andre deira plass og kjenne på samhald og tilhøyre. Samtalen, både verbalt og tonalt, vil flyte fritt og uanstrengt, ta nye vendingar, og ende naturleg. Men ein samtale med menneske ein ikkje er trygg på, vil gjerne gå i stå ganske fort. Det er viktig å kjenne seg trygg om ein skal få ei utvikling og vidareføring i eit improvisasjonstykke. I vår klasse har det vore eit trygt, aksepterande og inkluderande miljø. Alle høyrer til, og alle bidreg med det dei kan både musikalsk og i diskusjonar. Vi er ulike, vi ser og oppfattar ting heilt forskjellig, og det er greitt.

Desse samtalane og improvisasjonane har vore viktige for meg. Eg har kjent på at det er ikkje prestasjonspress der, eg er ikkje nøydd til å vere eineståande på mitt instrument eller allvitande teoretisk. Eg har fått lov til å vere berre meg, og bidra med det eg greidde akkurat den dagen. Eg har kjent på at eg har min plass i gruppa, og eg får lov til å vere så synleg eller usynleg som eg treng den dagen.

Det er ikkje alltid så lett å finne sin plass i ei gruppe om ein ikkje er sikker på hverken seg sjølv eller gruppa, eller kva som vert forventa. Enkelte gongar får du tildelt ei spesifik oppgåve, rammene og forventingane er heilt klare. Då går det som regel greitt å finne sin plass. Andre gongar må ein finne ut av det sjølv. Då er det greitt å ha med seg erfaringa om at det er lov å ta den plassen ein skal ha, og ein skal også gje plass til andre i gjensidig respekt og aksept. Det er lettast for meg å få til i musikk, men også lettare å få til utanom musikk når ein har improvisasjonsøvingane som bakgrunn.

 

Kva har eg lært, og kva tek eg med meg?

 

Eg trur ikkje at eg har lært så mykje på eit enkelt semester før. Likevel er det vanskeleg å fortelje nøyaktig kva eg har lært, fordi det har vore ein utviklingsprosess både i og utanfor meg sjølv. Det har vore lærerikt å lese andre sine tankar –og høyre klassen sine meiningar – om musikk, om intuisjon, om livet. Det har heile tida vore noko tenkje på, noko å fundere rundt, og noko nytt å ta med seg.

Noko av det viktigaste for meg, vert nok likevel musikken utan ord. Intuitiv, eit uttrykk der og då som kan uttrykkjast på ein måte eg ikkje syns eg har meistra før. Eg merka meg spesielt en del av eit sitat frå første sidene i kompendiet: « (…) Vokalmusikken tillater ikke den ubestemte lengsels uttrykk, men fremstiller ved hjelp av ord bestemte lidenskaper slik de oppleves i det uendeliges rike.» (Hoffmann: Benestad, 1977)

 

Å leite etter ord som skildrar nøyaktig den kjensla eg vil formidle kan vere vanskeleg til tider. Av og til treng ein å få ut kaos og kjensler som ikkje let seg skildre i reine ord. Då er den fritonale musikken akkurat det eg treng. Og med eit slikt formidlingsverktøy kan eg sleppe laus kjensler på ein friare måte. Eg skaper ei meining med kaoset og vonde kjensler. Eg utleverer framleis meg sjølv, men det kjennes tryggare likevel. Det er klart at eg kjem til å bruke ord når det passar, men no treng eg ikkje det alltid. Det er befriande.

 

Men alt i alt er det nok medvitsutvidinga som har lagt i botnen for heile prosessen, og vil gjere det vidare. Å kunne nytte øvingane (Åm, s.a.) til å kjenne meg friare, kjenne samspelet, sanse og uttrykkje. eg kan opne meg sjølv og gje meir aksept, meir kjærleik, og kjenne at eg får det igjen frå alt og alle. Det vert stadig lettare å hente fram kjensla frå improvisasjonsøvingane i klassen, å kjenne at ein har ein plass, kan ta ein plass, og at ein gir plass. Kjenne at ein er det uendelege, ein er klang og musikk, kjærleik og aksept, alt og ingenting -og berre det. Kjenne at vi er ulike, men likevel eitt. Eg er i musikken, og musikken er i meg. Det er då eg kjenner at eg meistrar både meg sjølv og livet -der og då.

 

 

Litteraturliste

 

Aamås, Ragnhild (2009). Ein gest til Volda. Møre, 22.09.2009 . I: Kompendium: Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (s. 164) Volda: Høgskulen i Volda

Benestad, Finn (1977). Musikk og tanke. Oslo: Aschehoug & co. . I: Kompendium: Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (s. 3-38: s 6) Volda: Høgskulen i Volda

Frankl, Viktor E. (2006). Man’s Search For Meaning. Boston: Beacon Press. I: Kompendium: Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (s. 146-161) Volda: Høgskulen i Volda

Green, Berry and Gallwey, W. Timothy (1986). The Inner Game of Music. New York: Doubleday . I: Kompendium: Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (s. 109-112) Volda: Høgskulen i Volda

Løseth, Marion Rodgerst (2005). Summen av øyeblikk. Improvisasjonsmodus. . I: Kompendium: Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (s. 124-130) Volda: Høgskulen i Volda

Malt, Ulrik. (2009, 13. februar). Mestring. I Store medisinske leksikon. Henta 7. mai 2015 fra https://sml.snl.no/mestring.

Vidnes, Mai Iren (2015). Verdi i feilsteg. Upublisert refleksjonsnotat.

Åm, Magnar (s.a.) Perspektivflyttingsøvingar/Inspirasjonsøvingar. I: : Kompendium: Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (s. 142-145) Volda: Høgskulen i Volda

4
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

4 comments


  1. Dette var flott lesing!

    Fortsatt god sommer :)





  2. avatar lisens

    Akkurat hva jeg trengte å lese nå
    stor takk :)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *