Orda i tomromet etter deg

Klokka har passert midnatt. Datoen er her. Men eg kan utsette morgondagen litt til. Den byrjar ikkje før eg har sove og vakna att. Om eg berre ikkje legg meg og søv, så vil kanskje  ikkje morgondagen telle i det heile. Eg kan gå rett til overimorgon. Men innerst inne veit eg at det vil ikkje gjere nokon skilnad. Det vil framleis vere eit år sidan. Eit år heilt utan deg.

Det har vore eit år i mange faser. Sorg, fornekting, vemod, sinne og sakn har gått hand i hand og om kvarandre. Suget i mellomgolvet, klumpen i halsen, kjensla av å ikkje få puste; Det dukkar opp rett som det er. Eg treng framleis ikkje anna enn ei strofe frå ein song eller eit streif av ein tanke før kjenslene for deg overveldar meg. Dei ligg der i bakhald, dei berre ventar på at eg skal slappe av og senke guarden eit sekund. Det hender framleis at eg trur eg ser deg, høyrer deg, kjenner lukta av deg. Men det hende oftare før. Eg veit ikkje om det kjennest godt eller vondt. Det er uansett opprivande.

Det har gått eit år. Eit år utan at eg har skrive noko anna enn akademiske oppgåver -og ein tekst til ein bursdagsang. Det kjennest som om alt har frose. Orda vert sitjande fast i tomromet etter deg. Men no kjenner eg at tida er inne for å tenke på dei minna som eg vil ha med vidare. Eg vil sleppe ut alle dei vonde, såre, sinte og frosne orda og tankane slik at dei kan gje plass til den varme, kjærlege kjensla du fortjener å minnast med.

Eit år. Eit heilt år i tomromet etter deg. Livet har merkeleg nok gått vidare etter at du døde. Eg møter der eg skal, er med på aktivitetar, gjer det eg skal. Eg kan til og med glede meg over små ting, og le høgt i lag med vener. Og eg veit at alt  skal verte lettare med tida. Likevel kan eg ikkje enno heilt sjå for meg korleis eg fullt ut kan leve  utan deg der. At det skal kjennast heilt normalt å vere utan den hjartelege latteren din, den sære smaken i film og musikk, dei smilande og varme augene dine. Dei små tinga ved deg som var viktige for meg. Eg veit at dagen kjem før eller sidan, men eg ser det ikkje heilt for meg i kveld. I kveld kjenner eg berre saknet. Og det kjem ikkje til å hjelpe om eg hoppar over morgondagen. Du kjem ikkje til å vere der likevel.

Eg saknar deg berre så inderleg.

3
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
eit steg om gangen, Kvardag_eller_liknande, Sylja

2 comments


  1. avatar ANITA LØSETH





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *