Lys på morsdagen

Morsdagen er framleis ein dag med litt blanda kjensler. Det har den vore sidan mi mamma døde for snart 30 år sidan. Dette er ein slik merkedag som inneheld litt vemod. Det vil den vel kanskje alltid gjere. Men sjølv om mi eiga mamma ikkje er her lenger, så har eg framleis mange eg vil sende ein ekstra varm tanke til på denne dagen.

I løpet av åra som har gått, har eg hatt damer rundt meg som har fått ein eigen plass i hjartet. Dei har vore rollemodellar og støttespelarar. Nokre av dei er ikkje blandt oss lenger, nokre var der ei periode, og andre igjen er der framleis. Dei er bestemødre, tanter, “gamaltanter”, Venninner av pappa, mødre til venninner og kameratar, svigermor, eigne venninner …  dei har alle saman vore der. Dei har hatt opne dører døgnet rundt, lært meg å lage mat, støtta i tunge tider, delt gleder og store hendingar, hjelpt med alt mulig stort og smått, og drege meg i øyrene når eg trengde det. Eg må heller ikkje gløyme dei som har vore der -og no er der- og hjelper meg med å ta vare på mine eigne når eg ikkje er i stand til det sjølv. Det er mykje å vere takksam for!

Det er etter kvart mange flotte damer som har teke tak og fylt litt av den rolla som mamma hadde. Skulle eg ha sendt ein bukett til kvar og ein, så hadde eg blakka meg for lang tid framover. Men eg sender mine varmaste og mest takksame tankar akkurat i dag.

Eg rundar av denne ettermiddagen med å tenne tre lys. Eit for dei som ikkje er blandt oss lenger, eit for dei som er der for meg, og eit for dei som tek vare på mine. Eg håpar dokke fattar kor viktige dokke er, og kor mykje eg set pris på dokke og det dokke gjer for meg og mine!

 

4
 
 
 
 
avatar

About sylja

Mamma til Prinsessa, Veslegull og Pjokken, Mommo til vesle Knerten og Lisjå. Er dottera til far min. Driv mykje med musikk, sang, skriving, musikk, strikking, sang, korsang, musikk og det mest naudsynte av trim. Med musikk til. ;)
Uncategorized

2 comments


  1. avatar Fride

    Mamma mi <3





Leave a Reply to Fride Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *