Category Archives: vgb-arkivet

Forplantningslære frå barnemunn (frå arkivet)

Det var ein gong for lenge, lenge sidan. Det kjennest i alle fall slik akkurat no.Det var den gong Prinsessa nett hadde byrja i barnehagen, og Mor var svært oppteken av pedagogikk. No har Prinsessa allereie funne ut kvar borna … Continue reading

barn og kvardag, vgb-arkivet

..hald meg i trua..

Rekk meg eit lys det er så mørkt her nede og vegen opp er så lang og trå Det er som om eg stampar i gjørme men der er ingen annan veg eg kan gå Snakk til meg det er … Continue reading

eit steg om gangen, mine dikt, vgb-arkivet

And “Aliksandrrrybakk” has left the building! (okt 09)

Pjokken har vorte fem-og-eit-halvt år. Han høyrer no til eldste-gruppa i barnehagen, og han trivast med å vere stor gut. Men han har gjort det klinkande klart no i haust at han ikkje lenger heiter Pjokken. Han heiter nemleg “Aliksandrrrybakk“!! … Continue reading

barn og kvardag, vgb-arkivet

Slit i meg vindar

Slit i meg vindar Lat meg atter ein gong Kjenne at eg lever Lat regnet få piske Min nakne kropp Lat avmakta renne I strie straumar Lat brølet frå stormen Auke i styrke Med mine skrik Av smerte og frykt … Continue reading

mine dikt, vgb-arkivet

Om det å bry seg, og om å bry seg … (frå arkivet)

Gråbleik i andletet og med den tunge skulesekken på ryggen, vakla ho ut frå legekontoret. Ho tykte ho kjende det nyfikne blikket til den effektive legesekretæren i nakken i det døra slo i bak henne. Maiken brydde seg ikkje om … Continue reading

Skriblerier, vgb-arkivet , , , ,

Kvifor er det ikkje lov til å vere flink?

Det slo meg brått i dag. Det er ikkje lov til å vere flink. Ikkje i Noreg. I USA kan du vere så flink du berre vil. Kvifor gjeld ikkje den inngrodde jantelova der? Jada, eg veit at jantelova vert … Continue reading

Skriblerier, vgb-arkivet

Eit slags reisebrev …

    Då er eg faktisk komen til Syden. Det mykje omtala «landet» som eg aldri før har vore i. Dette er femte dagen i nydelege Skiathos, og myter har vorte både bekrefta og avkrefta så langt. Eg har fått … Continue reading

vgb-arkivet

Det var den dagen …

Det var ein onsdag i agust. Det var den niande dagen i vakuumet etter det som eg ikkje kjem til å skrive om her. Det var niande dagen, og eg var nøye med påkledinga. Ikkje for pent, ikkje for arbeidsprega, … Continue reading

barn og kvardag, vgb-arkivet

Soga om Vesle-Sylja og femmerbanden 5

Kapittel 5: Fjernsynets makt Eg kan ikkje hugse at vi hadde spesielt mykje ruskever då vi var små. Eg veit at det regna no og då, og eg kan jamvel hugse den gongen vinterforet til naboen rotna i hesjene. Det … Continue reading

Skriblerier, vgb-arkivet

Soga om Vesle-Sylja og femmerbanden 4

Kapittel 4: Fortet i skogen Eg er ikkje så inderleg gamal, men av og til kjennest det likevel som om eg har vakse opp i ei heilt anna tid. Ta til dømes det med lommeknivar og tolleknivar. Alle vi ungane … Continue reading

Skriblerier, vgb-arkivet