Kaffe eller te?

Eg har tenkt litt på dette sidan i går. Korleis grip ein an eit slikt tema? Eg er svoren kaffedrikkar. Og det skal ikkje vere slik “urban kaffe” med skum og melk og hjarte og kanel og sukker og nøtteekstrakt og you name it. Det skal vere svart. Beksvart. Eg trur kanskje eg har vore jordmor eller fergemannskap i eit tidlegare liv. Om ein hadde trudd på slikt, då.

Ikkje for det; eg kan då nyte ein god kopp krydderte, eller ein god, rein frukt-te… og i ny og ne ein chilli-spesial-kaffe. Men om morgonen, eller når eg er sliten, då må det vere kaffe. Skikkelig kaffe.

Eg sat og venta på bussen tidlegare i dag. Det var strålande sol, og eg hadde fått huka meg tak i eit papp-beger med kaffe i. Eg sat der og kika på begeret og tenkte på bloggtemaet. Ei som eg kjenner kom bort og sette seg i lag med meg på benken der i sola.

“Sit du her og funderar?” sa ho. “Tja … ein gjer vel det” , sa eg. Så sat vi der litt til, og ho spurde så:”Kva funderar du på då?” Og eg svara som sant var, at eg sat og tenkte litt på eit blogginnlegg om kaffe eller te. Ho såg ut som ho venta på noko meir, så eg fortalte også at eg lurte litt på kva som kom til å hende først. Ville kaffien verte kald, eller begeret gå i oppløysing? Dette løyste eg fort ved å drikke resten av kaffien. Ho røyste seg, men sette seg ned att. “Kvifor bryr du hovudet ditt med slike rare, overfladiske ting?” Ho såg forvirra ut. “Det,” sa eg, “det er ei lang og innevikla historie.” Ho reiste seg att, og denne gongen gjekk ho faktisk.

Det med at historia er lang og innevikla, det sa eg mest for å sleppe å forklare noko der og då. Eg hadde lyst til å nyte sola medan eg hadde den roa i meg -og medan sola var der. Men forklaringa er eigentleg svært enkel. Når tankane fyk hit og dit utan at eg greier å stenge dei av, og dei går fort-fort-fort, heile tida, då må eg styre dei så godt eg kan. Halde dei opptekne med enkle, overfladiske, lett løyselege emne. Om tankane får lov til å gå heilt fritt, så kan dei grave seg ned i uoverkomelege problem. Eller lage seg slike. Og det bør ikkje hende for ofte. Det er ikkje alltid like enkelt å stanse slike tankerekker og ta seg inn att før det er for seint.

Så difor sat eg der denne soldagen og tenkte på kaffi. Eller te. Og eit papp-beger.

Uncategorized

..å leve i fargar …

Eg slepp ikkje den regnbogen min slett enda. Eg slepp den kanskje aldri, men det vert ei anna sak. Nett no kjennest det nesten som om eg lever i fargar. Eg ser, sansar og pustar fargar.

Det er ikkje noko skremande med dette. Det er berre slik det “alltid” har vore. I periodar så er det fargar som hjelper meg med å sortere og bearbeide inntrykka frå dagen.

Eg skriv ikkje dette for å klage. Eg er ikkje ute etter masse sympati, eller å samle ei skare som kan syns synd i meg. For det er ikkje synd i meg. Men eg treng av og til å kjenne på at nokon prøver å forstå. Det er enkelte der ute (kanskje fleire enn eg trur) som vil forstå dette umiddelbart, nettopp fordi dei kjenner det slik sjølv av og til. Men andre igjen vil aldri ha forutsetning for å forstå slikt, og det er faktisk bra. Men det er ingen som kan forvente at nokon skal forstå utan at nokon prøver å forklare …

Eg får hjelp til å handtere dei mest dramatiske fargane som dagen kan ha. Det er lenge sidan ein heil dag -eller ei veke for den saks skuld – har vore kolande, stummande, trøsteslaust skremande svart. Og det er jammen meg bra! Men samstundes så kjennast det litt som om eg manglar eit par fargar i malarskrinet mitt. Eg jobbar mykje med det for tida -det å kunne vinkle det slik at eg kjenner meg frigjort frå fargar som skadar meg, i staden for å kjenne meg avstumpa og begrensa i fargevalget. Det kjem, det er lettare å nå dit når ein har lett ord på det, og laga eit mentalt bilete.

Dei mentale bileta er og viktige for meg. Det er kanskje ein av grunnane til at eg ofte vert forvirra nå folk pratar om “grå kvardag”. For meg er ikkje kvardagen grå. Den kan ha nyansar av grått her og der, men grått er sjeldan ein kjedelig farge for meg. Det som eg oppfattar at andre kallar “grå kvardag”, det er for meg ei rekke nyansar av ulike fargar -med ei solid gullramme rundt. For det å kunne leve direkte i -og berre i- kvardagen, det er noko av det eg jobbar mot og strekk meg etter. For når fargane vert for skarpe og dominerande, så har eg ein tendens til å gå ut av ramma og la meg oppslukast fullstendig av fargen. Det er då eg ofte treng hjelp til å tone ned fargen og krype inn i ramma att.

Og her kjem vi attende til den svarte fargen. Den får ikkje lenger oppsluke meg, for den er (i alle fall midlertidig) fjerna frå fargeskrinet mitt. Men, den er ikkje den einaste fargen som er borte. Det finnast ein farge til som er svært skadeleg å la seg oppsluke av. Det er den som for meg er lys, lett, ubekymra rosa. Den høyrer heime i ei verd der alt ordnar seg, ingen ting er umogleg, og luftslotta vert solgt fortare enn dei kan byggast. Der er det heilt fantastisk å leve, heilt til ein trakkar igjennom den rosa skya og deiser ned i det svarte holet som alltid ligg der og ventar. Som regel skadar ein seg stygt både i fallet og ved landing …

Så alt i alt er det best å ha eit fargeskrin utan tilgang på desse fargane. Sjølv om eg av og til saknar den lettliva bygginga av luftslott. Det har teke tid å innsjå at ubekymra rosa er minst like farleg som den beksvarte, men slik er det.

Og kvar er eg akkurat no? Vel, det var nok det som fekk meg til å skrive dette i første omgang. For akkurat no så sit eg i litt ubestemmeleg morgontåke, og ser lyset og fargane bryte igjennom rett over fjellet der borte. Ein vakker, håpefull, fargerik soloppgang ligg rett der framme. Og her sit eg og skammar meg over at eg ikkje heilt kjenner gleda over den, for den har ikkje rette rosafargen …

Men gleda kjem etter kvart, den og. :)

Kvardag_eller_liknande, Sylja

Regnbogeblogging …

Det må vel vere det mest treffande begrepet eg kan bruke om min blogg. Eg har lese igjennom gamle innlegg i kveld, prøvd å finne inspirasjon til å skrive meir. Eg har latt bloggen stå på vent alt for lenge no. Eg hadde ein plan om å ta opp att blogginga så snart sommaren var over. Så skulle eg gjere det etter haustferien, eller i alle fall når eg var ferdig med flyttinga. Då eg hadde fått pakka ut det meste, så stod advent og jul -og influense for døra, og opp i alt dette så skal ein jobbe, ta vare på born, synge i kor, vere saman med venner, ha ein skikkelig nedtur, stelle til jul for familien, late som ingen ting, vaske opp, vaske ned …  Litt kortare sagt: Det vart liksom aldri tid og krefter att … og eg skulle gjerne hatt noko å skrive om i tillegg.

Eg har då skrive før. Om alt og ingenting. Det har vorte mykje “ingenting” i dei siste innlegga, syns eg. Så eg ville prøve å finne meg ei retning, ei slags farge på tråden. Den såkalla rosablogginga passar eigentleg ikkje heilt for meg. Det får liksom ikkje same shwongen som dei ekte rosabloggane har om eg skulle skrive om mine antrekk, sminken og innkjøpa i løpet av dagen. Dette hadde vel vorte eit standard innlegg:

“Stod opp litt for seint i dag. Fann ikkje favorittjeansen i farta, så eg tok den andre. Slengte på meg ei t-skjorte og ei strikkajakke, drog fingrane gjennom håret og skippa sminken for å nå bussen. Gjekk på nærbutikken då eg kom heim. Kjøpte melk, brød og litt middagsmat.”

Og dette hadde eg nok kunna repetert i alle fall fire av fem vekedagar, så eg trur eg berre går vidare til neste farge.

Det som var botnlaust svart, og fullstendig meiningslaust grått, det har eg stort sett fjerna. Det blå får stå. Svært mykje av det eg har skrive har ei eller anna nyanse av blått. Men eg likar blått. Blues, melankoli og blåtonar er ikkje nødvendigvis trist. Det kan vere ettertanke, omsorg og mykje vakkert i alt det blå. Men eg har likevel ikkje lyst til å halde bloggen fullstendig blå.

Eg kunne sjølvsagt ha lagt meg på ei grøn linje. Eg er ikkje fullstendig ukjend med begrep som “miljøvern” og “regnskog”, eg er sikker på at eg har lese om slikt på andre sine bloggar. Men akkurat no så er eg meir oppteken av den globale oppvarminga. Kvar vart den av? Her har det faktisk vore berr-frost så lenge at avløpet til kloakken fraus. Vi hadde vatn inn til huset, men kunne ikkje tappe noko ut att på fleire dagar. Huseigar og naboane fekk orden på det til slutt, men vi ventar framleis på den oppvarminga … Kan ei forresten kalle det “grønn blogg” om ein bloggar om plantar? Hage, plen, buskar, bær og blomar … og potteplantar og slikt? -Ikkje det at eg skal ta til med det, altså. Eg berre lurte. Det skulle ha teke seg ut om eg skulle skrive innlegg på innlegg om kva slags plantar eg hadde teke knekken på kvar veke. Det einaste som overlever her i huset, er dei som toler å tørke fullstendig ut mellom kvar gong dei vert drukna. Merkeleg nok så finnast det eit par typar plantar som sjølv eg greier å halde liv i.

Nei, eg trur det beste må vel vere å halde fram med å farge bloggen med stemninga frå dagen, slik som eg har gjort det før. Skrive litt dust og lilla om handarbeid og hobby, spreie gult solskinn og raud kjærleik i historier om barn og barnebarn. Eg får kjenne etter kass farge dagen har, og håpe på at eg finn att skrivekløen i fargane. For eg saknar kløen, eg saknar formidlingstrangen. Det er berre ikkje så lett å halde den levande når ein ikkje heilt finn noko å formidle, og heller ikkje finn nye måtar å formidle det gamle på. Eg har i alle fall ikkje tenkt å binde meg til berre ein farge. Du kjem vel heller ikkje til å finne nokon tråd av noko slag, med mindre du konstruerer den sjølv.

Men skrive, det har eg tenkt å gjere framover. Sjølv om det skulle verte noko trådlaust og regnbogefarga.

Godt nyttår! :)

 

Uncategorized

..i fullstendig feriemodus…

Ja, for det er det eg er. Veslegull og Pjokken har vore her i tre veker, og vi har verkeleg hatt fullt feriemodus. Farta litt rundt, fått besøkt hytta frå i fjord i lag med ei god venninne, fiska og leita etter småkrabbe i fjøra … vi fann til og med ein tangsprell i år! (den fekk eg ikkje med på bilete, dessverre) Men storfiskaren i år, det vart Pjokken. Med nyinnkjøpt fiskestong hala han denne opp i båten. Flott bidrag til matauken!

 

Så har vi besøkt Bror min og heile banden, og vi har vore nokre dagar hos Moff. Og imellom all rekinga, så har vi gått turar med og utan niste, vore i fjøra og grilla pølser på ekte bål, vi har hatt flotte lunsjar og brunsjar (eller crønsj som Pjokken kallar det) på plena her, og rett og slett kosa oss så mykje som mogleg. Litt nyttige ting har og vorte gjort i fineveret. Veslegull har vaska alle blomsterpottene, dusja alle plantane og sjekka at alle hadde den molda dei trengte.

 

Nokre innandørsdagar har vi og hatt, Vi var ikkje like heldige med veret alle dagane. Men ikkje alle desse dagane vart tilbragt framfor fjernsynet, heldigvis. Vi har vore på besøk hos folk her i området, vore på bowling en tur, teke oss råd til å gå på kafe … og sjølvsagt kosa oss med brettspel, ds, dataspel og film innimellom slaga 😉

 

 

Og no er godungane på ferie i lag med far sin, og då nyt eg lange spaserturar og endå lengre sommarkveldar i lag med gode venninner. Stadig i fullt feriemodus. Måtte det berre vare leeeenge enda :)

 

Ein framleis god sommar til alle ihop – ferie eller ikkje.

Eg satsar på at vi sjåast litt oftare når hausten kjem 😉

Kvardag_eller_liknande, Sylja

Litt om feiring og kvardag -kvar dag…

 

Det er ikkje alltid så store feiringane som skal til. Det vart ikkje noko storstilt i år, men så var det då heller ikkje eit såkalla rundt tal. Personleg meiner eg at partal -og ikkje minst primtal bør feirast liksom alt anna, men det er no berre mi meining 😉

Det vart no likevel presangar, helsingar og oppstyr nok til at eg fekk halde dei velutvikla tårekanalane mine godt opne minst eit par gongar i løpet av veka … Men noko av det største stod eg for sjøl. Eg har fått mykje hjelp til å komme så langt, men prestasjonen, den er min. Eg har gått mitt aller første trimløp!

Tenk, eg var med på “Jentebølgen” i år -og ikkje berre som underhaldar og tilskodar. Eg gjekk løypa! :) -Og ikkje nok med det; Damekoret som eg gjekk i lag med, vi vann kostymeprisen i år også. Så no har vi byrja å planlegge til neste år, for vi satsar på “hat-trick”! 😉

eit steg om gangen, Kvardag_eller_liknande, Sylja

…om streik og omsorg og sånn …

Eg brukar ikkje å gje meg ut på dei store, dagsaktuelle politiske diskusjonar. Det skal eg heller ikkje gjere denne gongen. Men eg har ein del tankar rundt dette med streik i omsorgsektoren, og det er sjølvsagt ikkje heilt objektive betraktningar. Eg har då sjølv øydelagt helsa mi for minsteløn, og kan dermed berre kome med personlege tankar og synspunkt. Bakgrunnen for tankane mine i kveld ligg i denne artikkelen frå Sunnmørsposten i dag.

Kommunalsjefen er bekymra for dei svakaste, at det ikkje er nok at berre det mest naudsynte og det medisinske vert oppretthaldt i løpet av streiken. Men streikebemanninga  er så og seie lik bemanninga i helg og høgtider, og i to sommarmånader. Det vert gjeve uttrykk for at denne pinsehøgtida har vore forferdeleg for enkelte gamle. Med denne bemanninga har det vore for lite tid til dusjing, enkelte har ikkje fått stått opp, og det er for lite tid til mating. Det er uverdig. Men kvar var kommunalsjefen i Pinsa i fjord? Eller i Påska i år for den saks skuld? Men det er klart, då var det ikkje streik, så då var det ikkje grunn til bekymring. Til vanleg kan ein nemleg overlate slike bekymringar til pårørande og til samvitsfulle omorgsarbeidera som ikkje har sjanse til å gjere den jobben som vert pålagd. Det er rett og slett ikkje tid til det. Og no snakkar vi om vanleg bemanning på kvardagar.

Eg høyrde heller ikkje at nokon kommunalsjef bekymra seg i avisene det året eit par sommarvikarar i heimesjukepleien vart sjukmelde eller fann seg betre betalte sommarjobbar, og delar av den faste bemanninga vart beordra på jobb i den sårt tiltrengte ferien sin. Då vart det forventa at dei som var på uteteamet skulle bruke max 10 minutt per brukar. Og det var medrekna transporttid. Kor mange hjelpetrengande, funksjonshemma eller eldre kan ein hjelpe med dusjing, sårstell, mat og medisinar -og menneskeleg kontakt på mindre enn ti minutt?

Eg kunne ha fortsett ein heil kveld med slike døme. Og berre om det som foregår utanom streiketid. Men eg skal ikkje gjere det. Det er ikkje det som er poenget mitt.

Kva som er poenget? Vel, slik eg ser det, så burde bekymringa om bemanning, lønn, arbeidspress og verdighet både for brukar og tilsett vere noko som opptok kommune og stat heile tida. Då hadde dei kanskje ikkje hatt ei streiketid der dei kunne indirekte rakke ned på dei som streikar i staden for å møte samvitsfullt på jobb.

For desse som no er teke ut i streik (merk: Teke ut), dei er ikkje samvitslause unnasluntrarar som berre vil ha høgare lønn. Det gjeld like mykje rekruttering, arbeidstilhøve og verdighet. Dette vil til slutt kome brukarane til gode.

For dei svakaste, dei er svakast heile året. År etter år. Og det er ei skam at det skal vere naudsynt å streike for å få desse problema fram i lyset. For no er dei framme i det offentlege lyset. Dei er nevnt og annerkjent offentleg av kommunalsjefen. Det er ikkje berre ein vanskeleg pårørande som krev for mykje.

 

Samfunn og sånn

Eg har vore. Eg er. Eg skal vere.

Eg har vore der.

Eg har vore oppe

og nede.

Høgt og lavt har eg sveva i mi eiga verd av medgang

og motgang.

Eg har vore tilstades

og fråverande.

Eg har vore aleine

Eg har vore saman med

men framleis einsam

Eg har sett mykje

Eg har sett glede

og sorg

Eg har teke del i dei begge.

Eg har vore sett ut

sett tilbake

Eg har vore der.

Men eg er framleis her

Eg har vore meg

Eg ER meg.

Eg skal vere.

mine dikt, Sylja

Når ein brått får litt lite tid…

Nei, eg stressar ikkje. Det har eg ikkje tid til! 😉

Då eg tok på meg både blogging, strikking og anna før jul, då hadde eg all verda med tid. Eg skulle fylle alle desse dagane då folk ellers er på jobb og skule, og det skulle vere meiningsfylt. Ein skal ikkje miste rutina i kvardagen sjølv om ein “berre” går heime. I tillegg til dei rutinene eg har laga meg sjølv, så har eg sysla med behandling og trening, og jamne besøk på Nav. Det hadde vore snakk om å søke meg inn som deltakar ved ei attføringsbedrift, men så fort som ting har gått i deira regi så hadde eg ikkje tru på at eg ville høyre noko frå dei på denne sida av nyttår.

Av og til veit ein eigentleg korleis det vert framover, men av og til er det godt å ta feil. Denne gongen tok eg feil. Eg vart kontakta av attføringsbedrifta, og stilte til møte med ein svært hyggeleg og oppegåande kar. Han hadde mappa mi frå førre gong eg var innom dei, og han hadde til og med lese den! Han stilte forberedt til møtet og fekk meg til å kjenne meg som om det betydde noko for bedrifta at dei kunne hjelpe meg i gang att etter siste smellen.

Det tok ikkje meir enn to møter før han meinte at han hadde snusa tak i ein passande plass der eg kunne søke om arbeidspraksis. Eg sende ein søknad på ein tirsdag. Torsdagen var det avtala møte veka etterpå. Neste torsdag kom, og eg stilte opp saman med min jobbkonsulent. Eg vart vist rundt og fekk helse på mange folk, og vi avtalte arbeidstid. Allereie på mandagen stilte eg på jobb. Det gjekk så fort at eg rakk nesten ikkje å glede meg eingong!

No har eg vore der i to veker. Eg er assistent på ein vidaregåande skule, og får arbeide med ungdom med særskilde behov. Eg stortrivast, men eg kjenner det i kroppen og hovudet sjølv om det er berre tre korte dagar i veka no i byrjinga. Eg har fått ei mottaking som er heilt fantastisk, og det er ikkje eingong vanskeleg å stå opp i gryotta når ein gler seg slik til å møte på jobb. (Ja, eg veit det kan kome andre dagar i dette yrket og, men akkurat no nyt eg dei gode dagane)

Men dette førte til at eg ikkje har så mykje tid til å strikke og slikt som eg først hadde trudd. Så eg har måtta sei frå meg eit par oppdrag, men det gjer ikkje noko. Folk var svært blide likevel då eg fortalte dei grunnen. Og eg har ikkje så mykje tid og krefter til å vaske og skure slik som tradisjonen tilsei, men eg har ikkje teke det heller så tungt. Eg held det slik at det er leveleg, har leita fram nokre englar og litt ekstra lys, også lagar vi stadig vekk eit eller anna som vert sett fram når ungane er her. Når jula kjem skal eg reise til Pappa likevel, og då er her ingen som kan nyte hverken grønsåpa eller pynten. Vi brukar tida vi har i lag.

Det er deilig denne jula. Eg gler meg ikkje stort og høglydt i år heller, men i det minste så gruar eg meg ikkje til sjølve jula. Det har ikkje vore så greitt dette med jul etter at Mamma døde. Ein skal vere så glad, så glad utanpå, også har saknet og sorga vore ekstra tung på innsida. -I lag med kjensla av at ein aldri strekk til hverken økonomisk eller praktisk. Og redsla for at dei som er gjestar ikkje skal ha ei “perfekt” jul. Ja, mange unødige bekymringar og tunge tankar, men like fullt har dei vore der. Dette året har eg teke eit grundig oppgjer med meg sjølv. Eg gir det eg kan, eg pyntar det eg orkar, og eg gler meg i lag med ungane. Når jula kjem så vert det og bra. Eg har berre næraste famile rundt meg, og ingen av dei får jula øydelagt av småting så lenge vi er samla vi som kan. Eg og pappa skal stort sett ha ei roleg vaksen-jul, men sjølvaste julekvelden skal vi vere i lag med bror og familien hans. Så vert det barn rundt meg denne dagen og, sjølv om Veslegull og Pjokken skal vere med far sin til Farmor, og Prinsessa skal feire i lag med sine. Vi skal feire nyttår med brask og bram i staden. Og eg kjenner at det er heilt greitt. Tenk, det kjennest heilt greitt. Og det gjer godt.

Så no er det to arbeidsdagar att, så skal eg gjere klart og reise heim til jul. Ikkje til det store, gamle -og etter kvart tomme huset på garden, men til ei koseleg leilighet der vi kan skape nye tradisjonar utan at lukta og klangen frå alt det som var sit i veggane og kastar skuggar. Litt vemod er det alltid, men det treng ikkje vere berre vondt det heller.

Då har eg vel oppsummert både notid og nær framtid, og kan halde fram denne søndagen  med å stelle til førjulsmiddag for ungane og ei god venninne. Alle er glad i potetball med mykje salt tilbehør, så knoken er allereie komen på kok. No er det berre å passe på at resten av middagen vert putta i storkjelen i tur og orden slik at alt er ferdig samtidig. Nøye “taima og tilrettelagt” -som Pjokken seier  det.

Eg ynskjer alle ein fantastisk og fredeleg fjerde søndag i advent. Hugs at det vert jul neste helg uansett kva du har fått gjort -og ikkje. Velg ut berre det mest naudsynte for deg og dine, og la resten vente. Det kjem dagar etterpå og. 😉

 

PS: Eg gler meg verkeleg til eg er heime hos Pappa og kan sette meg ned og lese nøye alle lukene og kommentere skikkelig. Den stunda skal nyyytast :)

 

 

 

eit steg om gangen, Sylja

Julekalenderen 2011, Luke 16

Fredag. Det er berre 8 dagar att til sjølvaste julafta. Eg reknar med at ingen er svært overraska over at det går i julesongar her i huset no om dagen. Det er nesten det eg likar aller best med jula. Songen har alltid vore viktig for oss når vi samla familien, men i jula har musikken vore bort imot alfa og omega.

Det finnast så mange ulike julesongar. Og det finnast mange versjonar av samme songen. Eg har valgt meg ut nokre få som eg har lyst til å dele no i førjulstida.

Den første songen høyrde eg første gong då eg feira jul i USA. Dette var midt på 80-talet, og ikkje visste eg kven som song eller om den i det heile tatt var å finne på plate. Det var ikkje før data og nett vart allemannseige at eg fann att denne songen. Eit humorinnslag i alt det seriøse.

Amerikansk julehumor

 

Den neste songen er kanskje ikkje av dei som er rekna som dei “seriøse” julesongane, men den rørte noko i meg. Eit eller anna gjorde at eg festa meg ved denne, og har spelt og sunge denne utallige gongar i løpet av åra som har gått.

Fairytale of New York

Den neste songen har vore spela heime så lenge eg kan hugse. Mamma spelte den mykje, ho likte Elvis så godt. Eg veit det er mange andre av dei såkalla verdslege utanlandske songane eg kunne ha drege fram her, men denne er så spesiell for oss …

Blue Christmas

Så kjem vi til den andre delen av våre juletradisjonar. Mamma og Pappa har introdusert oss for mykje av den gamle, amerikanske julemusikken, og mykje av det norske med meir moderne preg. Men det er ikkje til å kome ifrå at sjølve julefeiringa hos oss var prega av Betlehem og Jesusbarnet. Bestemor og Bestefar var misjonsfolk og sterke i trua, det samme var dei andre som brukte å komme heim til garden for å feire jul. I og med at mange av familien på eit eller anna tidspunkt har vore med i minst eit kor, så var det naturleg for oss å synge fleirstemt. Som regel med gitar og harpeleik til.

Stille natt

Til slutt vil eg dele den songen som familien vår har brukt som bordvers i heile juletida når vi har vore samla. Sjølvsagt fleirstemt. Og med dette vil eg ønske alle ei fredeleg adventstid vidare. Senk skuldrane no og då, hugs å puste (gjerne med musikk til) og finn ut kva som er viktig for akkurat deg og dine.

Deilig er Jorden

“Fred over jorden,
Menneske, fryd deg!
Oss er en evig Frelser født”

 

Sylja

Vi finnast framleis …

..vi som for ti år sidan vart omtala som “ei døyande rase”. Vi som jobbar heile året med å lage presangar til alle både til jul og bursdag. Litt fordi det er så kjekt å gje noko personleg, men mykje fordi det er dyrt å kjøpe “noko skikkeleg”.

..vi som lappar buksebak og kne på kleda til ungane. Som skøyter på beina på ei litt kort bukse, og tek glidelåsen frå ei lita bukse og syr det inn i ei som passar. Som rekk opp ein bomullsgenser som er slitt på albogane og strikkar “ny” genser til ungane. Som syr om litt på gamle klede både til liten og stor. Og som sjølvsagt vert glad når nokon har klede som kan gå i arv.

..vi som fintel kronene når noko er på tilbod, og som lagar det meste av mat frå botnen av med billegaste mogleg råvarer.

Ja, vi finnast framleis. Det er så “in” å sy sjølv, å resirkulere, å kjøpe “secondhand”, men det skal vere motiv av miljøvern og mote bak det. Det skal ikkje vere naudsynt å gjere det slik for å få det til å gå rundt i kvardagen.

Og eg må be Farmor og mamma om orsaking. Eg er lei for at eg lo litt og himla med augene på tenåringsvis då dokke heldt på slik i tider då det ikkje var naudsynt. Og eg er inderleg takksam no for at du og mamma lærte meg nettopp dette. Eg hadde aldri trudd at eg verkeleg skulle få bruk for alt dette, men no er det gull verdt! Bokstaveleg tala.

Så det var nok noko sant i det ordtaket -“Nød lærer naken kvinne å spinne”. Men no er det altså sagt: Vi finnast framleis. Og det er jammen ikkje eg som skal skjemmast over at det er slik. 😉

Kvardag_eller_liknande